Sopp – finne, plukke, sjekke, nyte!

Høsten er tiden for å gå i skogen og finne sopp. Her er traktkantarell.
Høsten er tiden for å gå i skogen og finne sopp. Her er traktkantarell. Foto: Liv-Anne Aanesen

Når hausten kjem med eit lett vemod over ein tilbakelagt sommar, då dukkar soppen opp og gir årstida ei ekstra meining.

Du har sikkert møtt på dei, sopplukkarane, eller høyrt ein kollega fortelle om fulle korger og fantastiske opplevingar både i skogen og rundt bordet. Kanskje går du mykje på tur sjølv, men har til gode å finne ein kantarellåker? Og er det ikkje eigentleg slik at alle soppane har ein dobbeltgjengar som er giftig? Då har eg ei dårlig og ei god nyheit: ein kantarellåker er nok dei aller færraste forunt å finne, men du kan fint lære deg eit par utvalde soppar som ikkje har giftige dobbeltgjengarar. Her skal eg gi nokre tips til kor du har størst sjanse for å finne matsopp, og korleis du kan gå fram for å vere trygg på at du kan putte han i gryta.

Generelt er Vestlandet rikt på gode matsoppar. Det kan vi takke klimaet og naturen for. Soppen treng skog. Soppen treng ein varmeperiode. Soppen treng nedbør. Enkelt sagt er det balansen mellom nedbør og varme som avgjer kor rikt soppåret blir.  

Gran + sopp = sant

Dei fleste av matsoppane våre dannar sopprot, ein slags pakt med eit tre i nærleiken om å vere til gjensidig nytte for kvarandre. Du finn sopp knytt til alle treslag, og grantreet er allrounderen, den som hyppigast lar seg soppbinde av mange ulike soppartar. Men det tar tid å utvikle ein slik symbiose mellom tre og sopp, og endå lengre tid før dette ekteskapet blir modent nok til å sette frukt, altså den soppen vi et. Så du har størst sjanse til å finne matsopp i litt eldre granskog som ikkje er for tett. Men sopp kan du plukke heilt frå sprakeheia ved kysten og opp til tregrensa.

Liv-Anne Aanesen er ein ivrig sopplukkar og bruker hausten flittig til å sanke.
Liv-Anne Aanesen er ein ivrig sopplukkar og bruker hausten flittig til å sanke. Foto: Liv-Anne Aanesen

Røyr, skiver, piggar og ribber

Når du skal finne ut kva sopp du har framfor deg, skal du først sjå korleis undersida av hatten ser ut. Matsoppane våre har anten piggar, røyr (svamp), ribber eller skiver. Piggsoppar og røyrsoppar er ei takknemlig og enkel gruppe soppar som ikkje har farlige medlemmer. Ribbesoppane er også greie når du lærer deg forskjellen på ribber og skiver. Skivesoppane skal du jobbe litt meir med, og det er i denne gruppa du finn dei ordentlig giftige soppane. Den store gruppa av skivesoppar skal eg ikkje gå så mykje inn på her.

Lys piggsopp

Frå september kan du finne denne lave kvite/kvitgule soppen med piggar under hatten, og den veks heilt til frosten kjem. Den er ein nybyrjarfavoritt som er veldig lett å lære. Alle lyse piggsoppar som veks på skogsbotn, er spiselege. Så enkelt er det faktisk!

Kokkens favoritt – steinsoppen

Steinsoppen! Når sommaren slår til med varmt vêr og mindre nedbør, er det stor sjanse for at steinsoppen – gourmetsoppen framfor nokon – kjem i rikt monn. Denne store, lubne røyrsoppen veks primært i granskog der det er litt ope. Under hatten, som liknar ei gyllen kveitebolle, finn du ein «svamp» som eigentleg er tynne røyr som står tett i tett. Stilken er kraftig, og heilt oppe, like under hatten, har stilken eit fint blondemønster i kvitt. Lær deg denne soppen, og du har mykje godt i vente i gryta.

Steinsopp.
Steinsopp. Foto: Liv-Anne Aanesen

Skrubb frå fjøre til fjell

Ein annan røyrsopp som er fin å lære seg, er skrubben, som er ei heil gruppe soppar med to-dagars skjeggstubb på stilken. Dei er vanlege å finne frå 0 til 500 moh. Som steinsoppen har denne svamp/røyr under hatten. Sjølve hatten varierer frå raudbrun til (lys)brun, og dei to vanligaste har òg namn etter fargen: raudskrubb og brunskrubb. Desse soppane har ein spesiell eigenskap som gjer at fargen på soppkjøttet endrar seg når du kuttar den opp; det blir blått og seinare svart! Særleg raudskrubben endrar kjapt farge. Du skal også passe på å varmebehandle skrubbane i 20 minutt til saman før du har dei på tallerkenen. Sidan desse soppane gjerne veks et godt stykke opp i høgda, kan det vere freistande lage til ein sopprett på primusen – og då skal det gjerne gå litt kjappare enn heime i kjøkkenet. Men hugs då regelen om 20 minutt varmebehandling.   

Ekte kantarell og traktkantarell

Vi har mykje nedbør på Vestlandet, og det trivst kantarellsoppane godt med. Så «skogens gull» og den sympatiske fetteren traktkantarellen veks villig mange stader. Kantarellane er ribbesoppar, dvs. at dei har nedløpande «striper» som er integrerte i hatten på undersida. Desse ribbene er ikkje lette å løyse frå hatten, i motsetnad til skivene under hatten til dei eigentlege skivesoppane. Soppane veks fleire i lag, og særleg traktkantarellane er talrik når dei først finn ein plass der dei trivst. Ekte kantarell er litt lubben og kraftig gul i hele seg. Traktkantarellen er tynn i kjøtet, og fargen har nyansar i gult, brunt og grått.

Slangen i paradiset

Når vi snakkar om kantarellsoppane, er det ein annan sopp som dessverre også trivst godt i leveområda til kantarellsoppane. Den heiter giftslørsopp – den skal du lære deg, og la vere å putte den i korga. Giftslørsoppen er ein brun skivesopp.

Giftslørsopp kantarell.
Giftslørsopp kantarell. Foto: Liv-Anne Aanesen

Tips til soppturen

Soppane som er beskrivne her, gir deg forhåpentleg ein forsiktig start på ein varig vennskap med soppriket – det er fascinerande og byr på gode tur- og matopplevingar. Du skal likevel alltid ha respekt for kunnskapen som krevst for å bli trygg på soppane som skal brukast til mat. Det beste er å ta eit soppkurs og/eller bli med erfarne soppfolk på tur for å sjå soppane der dei veks og i dei ulike stadia av utviklinga. Når du plukkar sopp, skal du ikkje blande dei du er trygge på med artar du ikkje kjenner. Grunnen til det er at soppar kan gå sund i korga, og bitar av ukjende og potensielt giftige soppar kan blande seg med dei som er spiselege, og dermed ende opp i steikepanna. Ha med ein ekstra papirpose til «studiematerialet» du sankar, og som du skal granske nærare heime. Du skal heller ikkje plukke sopp som er gått ut på dato, dvs. at den ikkje er fast og frisk. Det kan bli ganske ufint med skjemt sopp i korga når du kjem heim og skal gå gjennom fangsten. Soppane skal ikkje plukkast i tett emballasje som plast, då blir dei raskt dårlege. Best er det med ei brei korg, men til turbruk finst det òg praktiske samanleggbare variantar av netting.

I tillegg til korg og ein kniv bør du helst ha ein oppdatert sopphandbok anten med deg eller iallfall i beredskap når kjem heim. Eg anbefaler «Soppboka» av Gro Gulden og Per Marstad, som kom ut i 2018. Hugs at eldre sopphandbøker kan vere mangelfulle, og du skal også velje ei som er forfatta på norsk; då veit du at boka beskriv norske forhold.

Og viktigast av alt: Ikkje et sopp utan at du er 100 % trygg på at den er spiseleg.

Soppkontroll-appen!

Norges sopp- og nyttevekstforbund har utvikla ein digital soppkontroll-app som heiter Soppkontroll, og den kan du laste ned og bruke gratis. Den har levande soppkontrollørar i andre enden som sjekkar bilda du lastar opp. Appen er betjent alle dagar frå august til oktober.   

Til slutt vil eg anbefale filmen «Fungus: The 3rd Kingdom», som gir eit fantastisk innblikk i soppuniverset. Filmen har vore vist på NRK, og du finn den elles på YouTube.

God sopphaust!

Tekst: Liv-Anne Aanesen

Annonse