10 turting du kan gjera no

Mykje fin dekorasjon å finne i skogen.
Mykje fin dekorasjon å finne i skogen.

Naturen er heldigvis døgnopen. Her er våre tips til turpåfunn!

Plukk naturen med deg inn 

Sank utstyr til juleverkstaden og pynt til pakkene under treet. Kongler, kvist eller blad er berre noko av det som er fint å knyta inn i bandet på pakka eller ta i bruk juledekorasjonar. 

Bli ein naturnerd

Lær deg namn på blomane, fuglane eller dyrespora du vandrar forbi på tur, og som du ikkje kan namnet på. Last ned appen til Artsdatabanken. “Artsorakel” gratis eller les deg opp på nettsida artar på nett

Gå over turutstyret

Er det noko du alltid vel vekk når du pakkar tursekken? Ullhalsen som klør eller den formlause turbuksa? Sjansen for at du plutseleg kjem til å ta det i bruk er liten. La det vandra vidare på Finn.no eller heng det på Vipps-stativa i utvalde turbutikkar. Alternativt, kva med å invitera vener til bytekveld på nett? 

Skriv, og ta julekorta i skogen 

Bruk naturen som fotostudio og ta bileta til julekortet ute! Med lukta av granbar i nasen og varm drikke på termosen vil inspirasjon til årets jolekort koma lettare. Vel deg ut nokon som hadde satt ekstra pris på eit handskrive kort i posten. Å skriva er meditativt i seg sjølv og ein fin måte å samla tankane på. 

Ta et digitalt friluftskurs når du vil! 

Her kan du læra meir om kva du bør ha på deg og i sekken, korleis du lagar mat eller søv ute og ikkje minst – kart og kompass.  

Last ned Kul Tur-appen 

I friluftsappen Kul Tur kan borna registrera turaktivitet og turlengd, og samla poeng kvar gang ein er ute. Appen er gratis og vart lansert i mai i år. Den er tilgjengeleg både i Appstore og GooglePlay.  

Inviter til stjernedate


Gå til eit utsiktspunkt. Ha med noko godt å eta og drikka, fyll gjerne termosen med det daten likar aller best. Hugs dunklede eller pledd så sikrar du ei varm oppleving. 

Grill kanelsnurrar på pinne

Her kan du bruka ferdig pizzadeig. Ha på smør og strø over sukker og kanel før du lager remser av deigen. Snurr deigen rundt pinnen og roter pinnen heile tida, slik at varmen vert jamnt fordelt.  

Lytt til Utestemmer

Høyr tipsa, refleksjonane og dei beste turminna frå friluftsfolk mellom 15 - 84 i podcasten Utestemmer.

Finn nærtur på UT.no

Noregs største turportal har tusenvis med turtips. Sjekk ut dei flotte turmålene i ditt nærområde.

Skrevet av Mari Stephansen.

Annonse