Stort engasjement for å ta vare på naturen blant ungdommen

Ung for fjella i Nordhordland er blant dei som har engasjert seg i vindkraftkampen. Bilde ifrå vindkraftmøte i Dyrkolbotn i august i år.
Ung for fjella i Nordhordland er blant dei som har engasjert seg i vindkraftkampen. Bilde ifrå vindkraftmøte i Dyrkolbotn i august i år. Foto: André Marton Pedersen

9. november arrangerte DNT Ung Bergen webinar og debatt om vindkraftanlegg i natur- og friluftslivsområde. 

Måndag 9. november arrangerte DNT Ung Bergen eit webinar om vindkraft på land og følgjene slike anlegg har for natur og friluftsliv. Dei ville sette på agendaen forholdet mellom naturtapet og klimakrisa, og korleis desse to utfordringane må sjåast i samanheng. Det var mange gode innlegg og ein god debatt mellom ungdomspolitikarar frå Unge Høgre, FpU, AUF, Unge Venstre og Sosialistisk Ungdom.

Webinaret starta med eit innlegg frå DNT Ung Bergen ved Nina Sommerfelt-Pettersen. Nina sit i landsstyret til DNT Ung, men har vore frivillig og tillitsvalgt i Bergen i ei årrekke. Ho fortalte kven DNT Ung er og kva dei brukar naturen til. DNT Ung i Noreg har over 48 000 aktive ungdomsmedlemmer.

DNT Ung ønskjer at komande generasjoner må få oppleve den naturen vi får oppleve no, og får høve til å rømme frå kvardagen til mektig natur og stillheit. Nina Sommerfelt-Pettersen, styremedlem DNT Ung

Me må drive eit enkelt og naturvenleg friluftsliv

Nina snakka varmt om vatn i elvar som fossar og dei  store og små augneblinkane utandørs. DNT Ung vil at vi skal ta vare på urørt natur og rikt dyreliv. Både i nærmiljøet, langs kysten og på høgfjellet. Dei oppmodar om å drive eit enkelt og naturvenleg friluftsliv. Ho viste til eit døme med miljøvennleg transport til turar og hytter. DNT Ung har ein resolusjon frå sitt landsmøte kor dei advarar mot storstilt nedbygging av urørt natur.

Neste innlegg var frå Synnøve Kvamme som er fylkessekretær i Naturvernforbundet Hordaland. Ho viste til at menneska har breia seg utover i verda og at arealendringar er den desidert viktigaste årsaka til at vi mister veldig mange artar og dyrebestander. Det vi no er vitne til er ei bit for bit-nedbygging av naturen. 

Kanskje mange tenkjer at eit enkelt prosjekt ikkje har så mykje å seie, men det er summen av alle desse tiltaka, store og små, som bidrar til at naturen vert borte. Ikkje berre ute i verda har vi eit stort artstap. Kvar femte art i Noreg står og i fare for å bli utrydda. Synnøve Kvamme, fylkessekretær i Naturvernforbundet i Hordaland

Natur- og friluftsverdiar må vektleggast meir

Naturvernansvarleg, i Bergen og Hordaland Turlag og DNT Vest, Siren Juliussen, fortalte om stortingsmeldinga om vindkraft på land som skal handsamast av Stortinget før jul. Meldinga inneheld viktige innstrammingar i regelverket, men DNT meiner natur- og friluftsverdiar må vektleggast enno meir. Siren presenterte så utfordringar med vindkraft i høve landskap, dyreliv og klima. 

Vindkraft er svært arealkrevjande og medfører stort tap av urørt natur og viktige friluftsområde. Dette er særskild uheldig då det er under 12% villmarksprega natur igjen i Norge. Dei mest effektive turbinane er 250 meter høge og kan sjåast frå over 50 kilometers avstand. Kvar turbin krev oppstillingsplass på storleik med ei halv fotballbane og om lag 800 meter anleggsveg. Dette medfører sprenging, planering og fylling som gjer uoppretteleg skade i terrenget.

Mange tenkjer at vindkraft er grøn energi som ikkje frigjev klimagassar, og er eit godt alternativ til fossil energi. Men anleggsarbeid, nedbygging av myr og øydelegging av biologisk mangfald kan vere minst like skadeleg for naturen som klimagassar. Siren Juliussen, naturvernansvarleg i Bergen og Hordaland Turlag

Ung for fjella med klart budskap

Torild Andvik representerte Ung for fjella og tok del i filmen frå det store politiske møte i Dyrkolbotn i august. Ho starta å engasjere seg i vindkraft for for eit år sida då det gjekk opp for henne kva som stod på spel. Torild fortalte om jobben dei gjer i Ung for fjella for å vise motstand. Dei trur mange unge ikkje har tatt stilling fordi vi er opplært til at det er positivt med fornybar energi. Det er viktig at dei får informasjon om dei negative konsekvensane, slik at dei får gjort seg opp ei mening.

Vi er opplært til å ta vare på klima. Men CO2 lagrar seg i naturen, så det er ikkje klimavennleg å øydelegge den. Vindkraftanlegga avgrenser også allemannsretten. Skilt med adgang forbudt er ikkje uvanleg og det er advara mot iskast om vinteren. Vi i Ung for fjella meiner også at lokaldemokratiet har hatt altfor lite å seie. Vi meiner at ein må flytte arealsaker knytt til vindkraft frå energilova til plan- og bygningslova og kommunen. Til sjuande og sist er det vi som bruker naturen, vi som bur her!

Eg vil at me og våre etterkommarar kan få oppleve fjella og friheten den gir oss. Vi ønskjer å gi informasjon slik at unge forstår alvoret, forstår kva som held på å skje. Torhild Andvik, Ung for fjella

Se Torhild Andvik møtte stortingspolitikerne

Ane Breivik, 1. nesteleiar Unge Venstre og leder i Bergen Venstre, starta sitt innlegg med å vise til at samfunnet treng meir utslippsfri og lønnsom energi i framtida. Vi må kutte utslepp av fossilt.

Ho meinte at det var ein viktig og stor debatt med vindkraft. Allemannsretten og turliv står så sterkt i Noreg. Unge Venstre ønskjer å ta vare på natur, dyreliv og klima. Dei vil arbeide for at det vert lagt meir vekt på natur og strengare krav til kunnskap i søknader.

Vi må legge til rette for meir fornybar energi, men innanfor naturens tålevene. Ane Breivik, Unge Venstre

Martine Jordana Baarholm, fylkesformann i Vestland FpU, er oppvokst i Sunnmørsalpane og har vore tett på vindkraftsaka på Haramsøy. Ho forstår godt at vindkraft er mykje omdiskutert og meiner at lokalpolitikarar står igjen maktesløyse. Lokaldemokratiet og verdien av nærnaturen vert ikkje tilstrekkeleg tatt hensyn til, sa Baarholm. 

FpU vil ta vare på folket si vilje, men også naturen rundt! Martine Jordana Baarholm - Fylkesformann i Vestland FpU

Eg veit kor vakker naturen er! Jonas Aleksander Foldnes - Miljøpolitisk leiar i Vestland SU, snakka entusiastisk om gleda av naturen.  Foldnes bur i Øygarden og han innleiia sitt innlegg med å peike på at plast også er ei viktig utfordring for miljøet. Eg har sett dei to meter høge plasthauger i vikene her ute. Vi står ovanfor både ei klimakrise og ei miljøkrise. Vi kan ikkje ha ei storstilt utbygging på kvar ein knoll det blåser litt.

Miljøkrisa og naturtapet krev at vi tar vare på naturen og dei artane vi har! Jonas Aleksander Foldnes, miljøpolitisk leiar i Vestland SU

Video: Bevar det siste urørte fjellet i Fitjar kommune

Må satse på fleire energikjelder

Elias Roko Eide, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høyre, meiner vi ikkje kan legge alle egga i ei korg. Vi må satse på fleire kjelder i tillegg til vasskrafta. Vindkraft er eit godt supplement til vasskraft.  Men, vi må unngå dei mest sårbare områda og hensynta andre interesser. Han understreka at vi no må ta oss tid til å lære av erfaringar frå vindkraft på land, og at det er naturleg at det ikkje blir gitt konsesjonar i same takt som tidlegare. 

Vi bygger ikkje ut vindmøller for gøy! Elias Roko Eide, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høyre

Drastiske endringar trengs

Endre Toft, er fylkesleiar for AUF i Vestland, og bur i Nordhordland. Han kjenner godt til Stølsheimen kor det er planlagt Europas største vindkraftanlegg. Han starta med å seie at det som kan elektrifiseres, nok blir elektrifisert i framtida. Vi trenger drastiske endringar i dagens system. 

AUF meiner arealsaker knytta til vindkraft må inn under plan- og bygningslova. Dette er ein viktig kampsak for ungdomspartiet, og det er viktig for tilliten i befolkninga.  Han meiner det er veldig spesielt at absolutt alt av saker slik som fotballbaner og naust skal handsamast av kommunane, medan vindkraft er handsama av Norges Vassdrag- og energidirektorat.

Vi må finne løysingar som både ivaretar klima og natur. Endre Toft, fylkesleiar for AUF Vestland

Styreleiar i DNT Ung Bergen, Konstantin Plotkin, runda av møtet saman med dagleg leiar, Helene Ødven. Konstantin oppfordra alle som var med i møte til å bli med DNT Ung på tur i 2021. Møtet i kveld var eigentleg planlagt som ei synfaring, men det fekk vi ikkje til. Men naturen er der, og vi vil gjerne invitere doke på tur til neste år. Helene takka deretter alle for gode innlegg og ein fin debatt. På vegne av Turlaget oppmoda ho alle ungdomspartia til å følgje opp sine parti på ein god friluftslivspolitikk inn mot stortingsvalet 2021, og sikre at dei vil arbeide aktivt for å ta vare på natur og friluftslivsområder. 


Annonse

Skrevet av Helene Ødven 13. november 2020