Prisdryss til frivillige

Høstmøte 2020.
Høstmøte 2020. Foto: Trude Iversen

Under høstmøtet blei det delt ut Hedersknapper, æresmedlemskap og Solrenningspris.

8. desember var det høstmøte i Bergen og Hordaland Turlag, og fleire av Turlagets frivillige blei bokstaveleg talt satt pris på. Det blei utdelt både Hedersknapp, Solrenningspris og ikkje minst utdelt æresmedlemskap. 

Æresmedlemskap til Per Senneset

Æresmedlemsskap blir tildelt personer som har utvist uvanlig og betydelig innsats for Turlaget over 30 år. Den som tildeles æresmedlemskap må ha utvist ein uvanlig og betydelig innsats for Bergen og Hordaland Turlag, gjerne på fleire felt av lagets verksemd over tid. Kandidaten må innad og utad ha representert laget på ein tillitsvekkende, representativ og uegennyttig måte, og bidratt betydelig til lagets samhald, verksemd og utvikling. Æresmedlemskapet skal vere ein sjelden hedersbevisning og henge meget høyt. Denne hedersbevisningen består av ein stor nål med Bergen og Hordaland Turlags emblem, samt at den utnevnte tildeles livsvarig fritt medlemskap.

I år fekk Per Sennetset tildelt æresmedlemskap. I grunngjevinga står det: Per Senneset har vore ein dugnadsperson i Bergen Turlag frå 1988. Han var styremedlem frå 1991 t.o.m. 2000. Han har tegnet hyttene Fonnabu, Vending, Solrenningen, Skavlabu, Kalvedalen, sikringshytte og uthus på Hadlaskard, uthus på Stavali og Selhamar, sikringshytte på Åsedalen, og sikringshytte og ombygging av hovedhytte på Norddalen. Per har vore ein aktiv ressursperson i heile perioden frå 1988.

Bergen og Hordaland Turlag gratulerer Per Senneset med tildelt æresmedlemskap.

Hedersknapper til 12 personer

Hedersknappen tildeles kandidater som er medlemmer av Bergen og Hordaland Turlag og har gjort ein betydelig innsats over minst 10 år og gjerne på fleire felt av lagets verksemd. Det vektlegges at personen har representert laget på ein verdig og positiv måte. Hedersknappen består av ein noe mindre nål enn for æresmedlem, med Bergen og Hordaland Turlags emblem.

Her er oversikt over dei som fikk Hedersknapp: Nina Øyen, Tor Brommeland (Seniorgruppen i Bergen), Terje Aarsand, (naturvern) Jan Mathisen (Seniorgruppen i Bergen), Bengt Arne Johannessen (Bergen og Askøy Turlag), Wenke Åse (Stord-Fitjar Turlag), Marit Cruikshanks (Stord-Fitjar Turlag), Birger Taranger (Stord-Fitjar Turlag), Odd Magne Øgreid (kurs- og føringskomité), Oddvar Skre (naturvern), Even Nordø (naturvern) og Else-Karin Leikvoll (tildelt post mortem, tidligere aktiv i Seniorgruppen i Bergen).

Bergen og Hordaland Turlag takker alle for eineståande frivillig innsats.

Solrenningspris til Mari Teigen Varanes

Solrenningsprisen er ein årlig utmerking til ein frivillig som har gjort en betydelig innsats for Turlaget det siste året. I år gjekk prisen til Mari Teigen Varanes. Ho er naturvernansvarleg i Kvinnherad Turlag og har utmerka seg i naturvernarbeide generelt og særleg i saka om Onarheimvassdraget med Bremstølen. Dei siste to åra har ho også arbeidd mykje med Nasjonal ramme kor eit større fjellområda i Kvinnherad vart peika på som eigna for vindkraftutbygging. Ho har vore særs aktiv med å skipa og følgje opp gruppa «Nei til vindmøller i Kvinnherad». Ho arrangerte folkemøte 29. mai i 2019 med over 250 personer tilstades og alle parti representert, og støttemarsj mot vindkraft i verdifulle naturområde. Ho medvirker også i ein film som Naturvernforbundet Hordaland har laga.

Bergen og Hordaland Turlag gratulerer så mykje.

Foredrag med Sveinung Klyve

Friluftsmann og forfattar Sveinung Klyve har skrive boka "Kremturar i Vossafjella" og holdt foredrag om denne boka under høstmøtet som ble holdt på Radisson Blue Hotel på Bryggen. Diverre var det tekniske utfordringer grunna dårlig kapasitet på nettet, men me vonar at dei oppmøtte og pålogga ble inspirert til mange flotte turer i året som kjem. Boka kan bli kjøpt hos Tursenteret i Marken.

Sjå bilete frå prisutdelinga

Annonse