Send inn dine blinkskudd

Fotokonkurranse Stølsheimen, 2021.
Fotokonkurranse Stølsheimen, 2021.

Har du fine bilde frå Stølsheimen landskapsvernområde? Då kan du bli med på fotokonkurranse og vinne flotte premiar.

I anledning 30-års jubileet til Stølsheimen landskapsvernområde arrangerer Stølsheimen verneområdestyre ein fotokonkurranse.

Du kan sende inn bilde i to ulike kategoriar
-          Natur og landskap
-          Folk og aktivitet i naturen

Dei tre beste i kvar kategori vinn gåvekort hos Scandinavian Photo.
1. premie: Gåvekort på 5 000 kr
2. premie: Gåvekort på 2 000 kr
3. premie: Gåvekort på 500 kr

Sjølv om du ikkje vinn hovudpremiane, kan det vanke heider og ære viss bilda dine blir valt ut til å pryde den nye nettsida til Stølsheimen landskapsvernområde. Der treng vi bilde som viser den flotte naturen, kulturlandskapet og opplevingar i Stølsheimen landskapsvernområde.

Reglar
-  Bilde sendast på e-post til joval@fylkesmannen.no innan 1. februar 2021.
-  Kvar deltakar kan sende inn maksimalt tre bilde i kvar kategori.
-  Bilda må vere tatt i Stølsheimen landskapsvernområde eller med utsikt inn i verneområdet.
-  Det må opplysast kor bilde er tatt, og namn og telefonnummer på fotograf. Gje gjerne bildet ein tittel eller skriv nokon ord om historia bak bildet ditt.
-  Send bilda i så stor oppløysing som mogleg, i .jpg format.
-  Bilda skal vere utan stemnings- eller fargefilter og ikkje innehalde tekst eller vassmerke.
-  Dersom det er personar som kan identifiserast på bildet må namn på desse vere med, og dei må ha gitt sitt samtykke til at bildet kan publiserast. Foreldre samtykker for barn under 15 år.
-  Verneområdestyret vil gjerne bruke flotte bilde de sender inn i vårt informasjonsarbeid. Sei frå om du ikkje vil at vi skal bruke bilda dine.

Annonse