Møte med Mjølkevegen

Stjernekveld på Dalseid.
Stjernekveld på Dalseid. Foto: Birgitte K. Jordal

Ein stjerneklar kveld kan du vere med på eit møte som vil gje deg både sug i magen og eksistensiell undring.

Vekk frå lysforureininga
Opplevinga er tilgjengeleg for alle, heilt gratis, og du vil garantert ikkje få avskjed på grått papir. Mjølkevegen sviktar deg ikkje om du legg litt til rette for eit vellukka møte: Du må velje deg ein kveld med klårvêr, og den beste opplevinga får du om himmelen er heilt skyfri. Det bør ikkje vere for nær fullmåne, då skinet frå månen vil lyse opp heile himmelen. Så er det å finne ein stad som er mest mogeleg fri frå lysforureining. Det betyr at ein gjerne må litt vekk frå tettbygde område, men ikkje nødvendigvis så langt. Om ein går eller køyrer inn i eit skogsområde, kan dét gje nok lysskjerming. I meir grisgrendte strok kan ein oppleve Mjølkevegen også på opne stader, til dømes på ein fjelltopp.

Magisk ro
Friluftselskar og hobbyfotograf Birgitte Jordal er ein av dei som gjerne oppsøker Mjølkevegen ein haust- eller vinterkveld.

– Eg opplever ein stor ro når eg ser opp mot stjernehimmelen. Det er nesten magisk å sjå korleis fleire og fleire stjerner vert synlege når ein tar seg tid til å studere. Eg har gjerne med meg eit liggjeunderlag, slik at eg kan liggje lenge og sjå korleis legema rører seg på himmelen. Hengekøya, som etter kvart har vorte allemannseige, er også eit supert alternativ. Eg kan love at det gjer noko med deg å liggje og duve att og fram medan eit hav av stjerner bølgjer over deg. Kvifor ikkje utfordre seg sjølv til ei natt i ly av Mjølkevegen?

Lysglimt
Det er ikkje berre Mjølkevegen du kan oppleve nærkontakt med viss du legg deg under stjernehimmelen ein mørk kveld. Det vi trur er lyssterke stjerner, er gjerne planetar. Både Venus, Mars, Jupiter og Saturn er synlege med det blotte auget. Venus opptrer lavt på austhimmelen i timane før soloppgang. Både Jupiter, Saturn og den raude planeten Mars kan ein sjå i sør. Dei to siste dannar eit fint par lavt på ettermiddags- og tidleg kveldshimmel, medan Mars er synleg høgt på himmelen noko seinare på kvelden. Har du utsikt mot nord, er det sannsynleg at du vil få sjå nordlys danse over himmelen, og har du tolmod, vil du også kunne oppleve både stjerneskot og meteorar.

– Mørketida kjem med lys som vi elles ikkje ser, sjølv om dei er der heile tida, seier Birgitte, og avsluttar med orda til den romantiske diktaren Henrik Wergeland: «Klag ikke under stjernene over mangel på lyse punkter i ditt liv».

Tekst: Elizabeth Gjessing

Stjernekveld på Dalseid.
Stjernekveld på Dalseid. Foto: Birgitte K. Jordal

Annonse