Opptur Bergen - ny utgåve

Den populære turboka Opptur Bergen i oppdatert utgåve.

Å gå turar i nærnaturen er i vinden som aldri før. Turboka OPPTUR Bergen har vore veldig populær, og mange har latt seg inspirere av boka som Selja Forlag og Bergen og Hordaland Turlag saman ga ut i 2012. Opplaget er solgt ut og no har vi laga ei ny utgåve som er oppdatert med blant anna Oppstemten og Jubileumsstien.

For å markere lansering av turboka i Bergen, har Byfjellstrimmen planlagt ein tur i Byfjellene torsdag 18. mars. 

Meir informasjon om turen og påmelding finn du her

Ein invitasjon til makelause fjell- og turområde

OPPTUR Bergen viser deg alt det beste av turopplevingar i og rundt hovudstaden på Vestlandet: høgfjell og kyst, skog og vidde, gater og nærmiljø. Boka skildrar 159 fotturar, frå det høgste byfjellet, Ulriken og det høgste på Bergenshalvøya, Gullfjelltoppen (987 moh.), til turar i havkanten på Sotra. Same kvar du er i Bergensområdet har du makelause fjell- og turområde rett utanfor døra.

Nye turar og oppdatert innhald

OPPTUR Bergen har både lette og meir krevjande turar. Alle turane er teikna inn på flyfoto, med fyldig turomtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og tidsbruk. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går. Boka er oppdatert med nye kommunegrenser, og har eige kapittel med skildring av Jubileumsstien frå 2020.

Boka kjem ut i samarbeid mellom i samarbeid mellom Selja Forlag og Bergen og Hordaland Turlag.

Om skribentene

Knut Langeland (f. 1958) frå Salhus var i ei årrekkje journalist i Bergens Tidende med sport og friluftsliv som spesialfelt. Han har skrive fleire turbøker og andre bøker om fjell og friluftsliv.

Finn Loftesnes (f. 1947) frå Sogndal er fotograf og har teke flybilete til alle Opptur-bøkene. Han er forfattar av Opptur Jotunheimen og medforfattar av Opptur Nærøyfjorden. 

Opptur Bergen blir seld hos Tursenteret i Marken.

Annonse