Kystpasset 2021

Kystpasset 2021.
Kystpasset 2021. Foto: Heidi Reisegg Endal

Kystpasset til Sotra Øygarden Turlag er nå lansert  til stor glede for alle i Øygarden og omegn.

– Det er gledeleg å sjå at Kystpasset har stor betydning for så mange. Det er dette me arbeider for i DNT. Me ynskjer å få flest mogleg ut på tur. I ei tid der me ikkje kan ha store arrangement og samlingar er det fint å ha eit Kystpass som likevel samlar så mange utan at det påverkar smittevernreglane. Det einaste me må hugse på er å bruke håndsprit når me klipper. Ta med håndsprit og Kystpass i sekken, så er du klar, seier styreleiar i Sotra Øygarden Turlag, Heidi Reisegg Endal.

Kystpasset 2021 kan du se her.

Inspirasjonsfilm til Kystpasset kan du se her.

Suksess for Kystpasset

Kystpasset har vore ein suksess frå starten i 2013. I fjor vart det registrert meir enn 20 000 innsjekkingar i SjekkUT-appen. Årets kystpass byr på seks nye turar, samt nye skilt og turkassar. I 2020 gjekk interessa for Kystpasset rett til værs då det var mange som hadde behov for å kome seg ut under koronapandemien. Heidi Reisegg Endal seier dei får mange tilbakemeldingar frå turgåarar.

– Folk er så glade for å oppdage nye turområde. Det har vore gull verdt under koronapandemien. Mange blir motiverte av å registrere klipp i Kystpasset, men også av å registrere seg i SjekkUT-appen. Me ser og at det er ein del som berre følger turmål i SjekkUT, uavhengig av årets Kystpass. Tidlegare turmål ligg framleis tilgjengeleg i SjekkUT, fortel Heidi. 

Kystpasset er gratis og er tilgjengeleg i mange matvareforretningar i heile kommunen, i tillegg til bensinstasjonar og bibliotek.

– Eg trur Kystpasset er så populært fordi det er eit lågterskeltibod som er tilgjengeleg for alle, uansett om ein er medlem eller ikkje. I sommar hadde me også ein Instagram-konkurranse der me kåra tre vinnarar. Det vart delt over tusen bilder med emneknaggen #kystpass2020, fortel Heidi.

Meir informasjon

I Kystpasset 2021 er seks av turane byta ut, og turlaget har teke med seg nokre av tilbakemeldingane dei har fått om blant anna merking og parkering.

– Me har meir fokus på gode turskildringar og god informasjon om parkering. Det er nye skilt og fleire merkepinner, samt nye skilt ved starten av kvar Kystpass-tur. I tillegg har me retningsskilt på stien der det er fleire stiar som krysser. Me har og raude turkassar til alle turmåla slik at det vert lettare å kjenne dei att.

Kystpasset inneheld dessutan informasjon om DNT-medlemskap, andre turar og annan informasjon.

– Kystpasset er ein god kommunikasjonskanal for oss, seier Heidi. Ho har sjølv gått mange av dei flotte turane i Kystpasset.

– Når eg ser tilbake på 2020, er det Skogsøy som skiller seg ut som ein av mine favorittar. Her har me overnatta i telt to gonger. Landskapet her ute byr på det meste: flott havutsikt, stupbratte klipper, små vatn dekt med vannliljer, kulturlandskap, fleire varme badekulpar heilt nede ved sjøkanten, huler i fjellet som er spennande for ungene, fine fiskeplassar frå land, samt BOF sitt fuglekikkarhus «Hildringsbu». Det er heller ikkje spesielt langt å gå ut til Skogsøy – anbefaler ein tur ut dit, smiler Heidi.


Tekst: Ågot Caroline Nilssen

Kystpasset 2021
Kystpasset 2021 Foto: Heidi Reisegg Endal

Annonse