DNT etterlyser ein berekraftig energipolitikk

Vindkraftanlegg på Guleslettene.
Vindkraftanlegg på Guleslettene. Foto: Anita Haukås Oppedal

Den Norske Turistforening (DNT) ber regjeringa sjå framtidige energibehov opp mot naturinngrep, og oppmodar om å jobbe for eit lågare forbruk og ein berekraftig energifordeling.

Landsmøtet til DNT vedtok fredag 4. juni 2021 følgjande resolusjon einstemmig: 

Som Noregs største friluftslivsorganisasjon har DNT eit stort ansvar for å bidra til å ivareta friluftslivet sitt natur- og kulturgrunnlag. Attraktive turområde og landskap, er grunnlaget for dei gode naturopplevingane for oss og framtidige generasjonar. Naturforvaltning er derfor ein vesentleg del av DNT si kjerneverksemd.

Ynskje om meir fornybar energi har ført til storstila utbygging av vindkraft, vasskraft og overføringsliner, men energipolitikken er i dag ikkje godt nok samordna med miljøpolitikken. DNT sitt hovudmål for naturvenleg energiproduksjon er å hindre energiutbygging i intakt og sårbar natur, og redusere negativ verknad på viktige natur- og friluftslivsverdiar frå produksjon og overføring av energi.

DNT er urolege for at tap av naturmangfald ikkje blir teke nok på alvor, og at det vert tatt for lett på bit-for-bit nedbygginga av natur – ofte under dekke av at dette må vi tåle i klimaets namn. Intakt natur og økosystem i balanse er sjølve livsgrunnlaget til menneska.

Arealinngrep og utbygging av blant anna energianlegg og kraftliner trugar dette og gjev i seg sjølv store klimagassutslepp. Det er på høg tid vi legg til rette for klimatiltak som spelar på lag med naturen. DNT vil derfor jobbe med å påverke politikarar og avgjerdstakarar til å føre ein energipolitikk basert på lågare vekst i energibruken enn skissert og berekraftig energifordeling .

Statnett sine prognosar legg til grunn ein forventa forbruksvekst på 40-50 TWh i Noreg innan 2050. Den venta veksten skuldast i hovudsak planar om ny industri og elektrifisering av samfunnet. Planane omfattar tradisjonell industri og ny kraftkrevjande industri som datalagringsentre og batterifabrikkar, samt elektrifisering av bilparken, kollektivtrafikken, og offshoreindustrien på sokkelen.

Per i dag har vi i fylgje Statnett kraftoverskot, men på sikt vil ein ikkje klare å dekke det estimerte forbruket utan å auke produksjonen av fornybar energi. Samtidig vedgår Statnett at det er knytt stor uvisse til prognosane, ettersom det er uklart i kor stor grad petroleumssektoren vil bli elektrifisert.

Det er ikkje mogleg å produsere så mykje fornybar energi utan store naturinngrep, i form av vasskraft, landbasert vindkraft eller havvind. I tillegg er mangel på nettkapasitet per i dag eit hinder for framføring av energi til industrien mange stader. Både nye kraftlinjer og utbygging av ny fornybar energi vil vere utfordrande å gjennomføre utan å kome i konflikt med viktige friluftslivsområde eller sårbar natur. Er det då hensiktsmessig å satse på datalagringssentre og elektrifisering av sokkelen dersom det betyr at vi må grave opp fleire CO2-rike myrer og rasere verdifullt landskap for å produsere og få straumen fram?

Vi bør ikkje la estimat for eit svært høgt energibehov ligge til grunn for kraftutbygging i framtida utan ein vurdering av kva som er berekraftig på lang sikt. Vi må ikkje sløse med den fornybare energien vår, men nytte den effektivt og fordele den fornuftig slik at vi også kan ivareta urørte landskap og eit rikt naturmangfald.

DNT er opptatt av å redusere klimagassutslepp, men vi må gjere dette på ein måte som sikrar intakt natur og velfungerande økosystem – verdiar som tilhøyrar ålmenta, no og i framtida. DNT vil derfor bidra til ei berekraftig og naturvenleg omstilling til eit fossilfritt samfunn. Dette kan vi oppnå med eit lågare forbruk gjennom å effektivisere, spare og prioritere. Vi meiner Noreg må ha ein politikk som tek til orde for strategiske val i høve kva type næring som skal prioriterast med tanke på energileveransar.

Kvar turbin krev oppstillingsplass på storleik med ei halv fotballbane og om lag 800 meter anleggsveg . Dette medfører sprenging, planering og fylling som gjer uoppretteleg skade i terrenget, og oppstykking av store samanhengande naturområde.  Kjelde: Miljødirektoratet, Notat, Arealbehov (typetall) for landbasert vindkraft i Norge 2019
Kvar turbin krev oppstillingsplass på storleik med ei halv fotballbane og om lag 800 meter anleggsveg . Dette medfører sprenging, planering og fylling som gjer uoppretteleg skade i terrenget, og oppstykking av store samanhengande naturområde. Kjelde: Miljødirektoratet, Notat, Arealbehov (typetall) for landbasert vindkraft i Norge 2019 Foto: Anita Haukås Oppedal
De viktigste årsakene til reduksjonen i inngrepsfri natur fra 2013 til 2018 var bygging av veier og ulike typer energianlegg. Energianlegg omfatter anlegg for produksjon og transport av energi, slik som vannkraft, vindkraft og større kraftlinjer.  (Miljødirektoratet) Kjelder: Miljødirektoratet, https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/naturomrader-pa-land/inngrepsfri-natur/ (09.04.21)
De viktigste årsakene til reduksjonen i inngrepsfri natur fra 2013 til 2018 var bygging av veier og ulike typer energianlegg. Energianlegg omfatter anlegg for produksjon og transport av energi, slik som vannkraft, vindkraft og større kraftlinjer. (Miljødirektoratet) Kjelder: Miljødirektoratet, https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/naturomrader-pa-land/inngrepsfri-natur/ (09.04.21) Foto: Anita Haukås Oppedal

Annonse

Skrevet av Helene Ødven 4. juni 2021