Viktig debatt 6. september med stortingskandidatane om berekraftig forvaltning av naturareal

Debattmøte på Litteraturhuset 6. september 2021 om berekraftig forvaltning av naturareal i regi av FNF, Naturvernforbundet og Bergen og Hordaland Turlag.
Debattmøte på Litteraturhuset 6. september 2021 om berekraftig forvaltning av naturareal i regi av FNF, Naturvernforbundet og Bergen og Hordaland Turlag. Foto: Hilmar I. Løland, Opal Digital

Kva ønskjer partia å gjere med dagens naturkrise, der naturen - bit for bit - vert bygd ned i eit stadig høgare tempo? Å ta vare på naturen er ein viktig del av klimaløysinga. Bli med på debattmøte på Litteraturhuset måndag 6. september kl. 18. Arrangementet vert også streama. 

Vi ser fram til å få ei tydeleg tilbakemelding frå våre stortingskandidatar på viktige spørsmål knytta til forvaltning av naturareal. Nokre av spørsmåla vi vil stille er:

  • Fornybar energi eller intakt natur? Eller eit berekraftig energiforbruk og prioritert fordeling av energien?
  • Er elektrifisering av sokkelen eigentleg eit godt miljøtiltak - tatt i betraktning alle naturinngrepa det også medfører?
  • Skal natur- og friluftslivsverdiar vektast tyngre i framtidig handsaming av vindkraftkonsesjoner, og korleis skal vi i så fall sikre dette?
  • Korleis skal vi greie å begrense nedbygginga av natur i Norge? Noregs kommunar planlegger i sine kommuneplaner ei samla nedbygging av natur innen 2030 som tilsvarer heile gamle Vestfold fylke.

Stadfesta debattdeltakarar er: 

  • Helge André Njåstad, FrP
  • Sofie Marhaug, Rødt
  • Arild Hermstad, MDG
  • Eigil Knutsen, AP
  • Kjersti Toppe, Sp
  • Astrid Byrknes, KrF
  • Charlotte Spurkeland, Høyre
  • Marthe Hammer, SV
  • Ingrid Nergaard Fjeldstad, V

Debattleiar: Jens Kihl (Bergens Tidende)

Skrevet av Helene Ødven 30. august 2021