Hausttur i sommarvêr

Oktober kan óg by på sommarvêr.
Oktober kan óg by på sommarvêr. Foto: Jan Lillebø

Innimellom skjenkar hausten oss fullkomne dagar. Sikkert for å kunna herja med oss sidan.

For tru ikkje at blankstilla kjem utan ein pris, eller at sola fløymer vederlagsfritt. Ein dag vil hausten venda seg mot oss med rusk og regn. Ein dag lyt vi betala for denne overstrøymande gjestfridomen. Men i dag står sjølv ospa gullskimrande gjerandslaus i vindstilla. 


I ukjend land 

Eg har hue og hanskar i sekken, for midt i oktober må ein vera budd på både kulde og frost. Men nett no, på veg mot toppen av Horga frå turlagshytta i Kalvedalen, hadde eg hatt meir bruk for kortbukse og t-skjorte. Det la eg att heime. Eg gjer det beste ut av det og kliv resten av ryggen så lettkledd som situasjonen tillet. Turfølgjet eg snublar over, er heldigvis romsleg overberande. 

Det er nytt land for meg, dette. Eg kjenner desse fjella nord til Kupa, vest til Kalvedalen, aust til Romarheimsdalen og sør til Stussdalen. Men nord og vest for Kalvedalen har eg aldri tidlegare vore. Eg let meg sakte sluka av landskapet og syg til meg detaljane i det. Grå ryggar med gras imellom, svarte botnar, mosegrodde urer, klukkande bekkar og vatn som sol og himmel og den skarpe haustdagen kan spegla seg i. Alt urørt av menneskehand. 

Sommar i oktober 

Eg kryssar Horga frå vest til aust. Framfor meg ligg Kupevatnet i nord og Flådsalsvatnet i sør. Slakt nedover ber det i eit stilaust område, men i dag treng eg ingen sti. Ikkje ei sky er å sjå, og endå om temperaturen er nesten sommarleg, er lufta klår og rein med sikt så langt som auget kan sjå. 

Eg traskar djupare inn ia det ukjende, nyt utsynet frå nakne høgder og lokaliserer frå distanse ruta eg vil følgja. Nakken mellom Nordrefjellet og Austrefjellet, lia ned mot Ådnekvamssetret, så sørover att mot Kalvedalen. Frå høgdene har eg utsyn mot sivilisasjon, mot industri og skipsfart, mot grender og gardar. Så dukkar eg ned i ein dal eller ein botn og er åleine i den store einsemda, i ei villmark som opplevest som endelaus. Men eg kjenner inga frykt, inga einsemd, inga uro. Eg kjenner berre hopehav. Med elva som eg badar i, med lyngen som eg kviler i, med vatn og vind, ur og hammar, sti og støl. Ei djup kjensle av at det er her vi kjem ifrå, at det er her vi høyrer til. 

Mektig, men maktlaus 

Ein gong var vi jambyrdige. I dag er det ein ulik kamp, den mellom menneske og natur. Slik har vi godt av å gjera oss små og sårbare, for det er her, naken i ein kulp, sitjande på varmt svaberg, med lukt av myr og mose i nasen, vi kan ha sjansen til å forstå at til meir vi tuklar med naturen, til meir tuklar vi med oss sjølve. Naturen ligg no berre der, stor og mektig, javel, men likevel vergelaus mot maskiner og menneskemakt. No har vi temt naturen og vist vår makt, og samstundes har vi demonstrert vår kapasitet til å øydeleggja.  

Eg rastar ved Ådnekvamssetret. Sola er på hell no, og mykje av fjellet ligg i skugge. Men nett her er ei raus glipe mot sør, og det er freistande å bli sitjande. Så varmt er det, at eg snart finn meg sjølv omslutta av vatn i ein kulp nær Meisdalsvatnet. 

Rett til å rasa 

Det har vore ein dag som meir minner om sommar enn om haust. Det er som om sommaren har vunne mannjamninga og sett hausten på vent. Men i skuggane langsmed eit bekkefar kjenner eg det kalde gufset. Det er hausten som sender eit varsku om at, nei, han har ikkje gløymt oss, og snart er han klar til å koma og ta oss. 

For det kjem dagar etter denne, og no har han skaffa seg godvilje. Litt å gå på, liksom. Vi kjenner haustens kapasitet for ilske. No kan han senda hissige stormar over oss, og rotbløyta. No kan han herja og ruska og riva og rasa og gjera det han er aller best til. Og når han har kledd ospa naken i eit stormkast, og vi synest vi fortener ein pause frå vatn og vind, skal han spenna nett denne dagen opp på lerretet sitt og minna oss på at alt er rettferdiggjort, alt er oppgjort. At det er hans tur no. 

Tekst: Knut Langeland 

Luftig fjellhylle på stien mot Kalvedalen. Flådalsvatnet ned til høgre. Tverrvassfjellet kneisande grått og mektig i høgre biletkant.
Luftig fjellhylle på stien mot Kalvedalen. Flådalsvatnet ned til høgre. Tverrvassfjellet kneisande grått og mektig i høgre biletkant. Foto: Jan Lillebø

Annonse