Sponsa plassar på friluftsleirar for barn og ungdom

Newton Camp 2016
Newton Camp 2016 Foto: André Marton Pedersen

Bergen og Hordaland Turlag er med i Bergen kommune sin ordning "Aktivitetskortet". Dette kortet er for særskilte familiar, for barn og unge mellom 0-17 år. I tillegg til gratis deltakelse på aktivitetar hos oss, gjev kortet tilgang til ei rekke andre flotte opplevingar. 

Aktivitetskortet: Barn og unge frå familiar som mottar sosiale ytingar og flyktningebarn er målgruppa for aktivitetskortet. Korta distribuerast gjennom NAV og Introduksjonssenteret for flyktningar. Les meir om aktivitetskortet her: http://www.barnibyen.no/aktivitetskortet. Det er Bergen Kommune som i samarbeid med mange andre aktørar står bak Aktivitetskortet.

Framgangsmåte

Ta med aktivitetskortet til Turinformasjonen vår i Tverrgaten 4-6 (Marken) og vis det der. Der vil vi manuelt melde deg på den aktuelle aktiviteten, og du vil få ein påmeldingsbekreftelse på mail om dette. PS! Det er "Fyrstemann til mølla-prinsippet" som gjelder, då det er begrensa med plassar. 

Bergen og Hordaland Turlag sponsar følgande leirar og campar:

4 plassar på Fjelleir 1 (8-12 år)https://www.dnt.no/aktiviteter/93670/851007/

4 plassar på Fjelleir 2 (8-12 år)https://www.dnt.no/aktiviteter/93672/851009/

4 plassar på Turbouke 1 (6-8 år)https://www.dnt.no/aktiviteter/93674/851011/

4 plassar på Turbouke 2 (6-8 år)https://www.dnt.no/aktiviteter/93675/851012/ 

4 plassar på Newton Camp (12-14 år) - https://www.bergenoghordalandturlag.no/aktiviteter/91976/849172/

4 plassar på Basecamp Bømoen (16-26 år)https://www.bergenoghordalandturlag.no/aktiviteter/93736/851072/ (PS. Aktivitetskortet er fra 0-17 år)

4 plassar på Basecamp Hav (13-15 år)https://www.bergenoghordalandturlag.no/aktiviteter/92568/849824/

Ta gjerne kontakt dersom andre aktivitetar vi arrangerar er interessant.

Kontakt Elise på elise.hessevik@dnt.no / tlf. 55 33 58 18 om det gjeldt aktivitetar for barn 0-12 år, eller Silje på silje.valla@dnt.no / 55 33 58 21 om det gjeldt ungdom (13-26 år). 

Foto: Bergen Kommune

Klikk her for å skrive tekst.