Turavhengig 7-fjellsgeneral

7-fjellsgeneral AK Glück-Teigland.
7-fjellsgeneral AK Glück-Teigland. Foto: Privat

Hei alle turgåarar. Eg heiter AK og er turavhengig - og er administrativt ansvarleg for 7-fjellsturen for 7. gong.

7-fjellsturen er Noregs største tur. I 2010 laut eg avvisa ein gråtande person som var for sein med å kjøpa startkort. Tidlegare har eg fått ein telefon frå ein som påpeika noko statistisk feil på nettsidene. Han hadde nemleg eit avisutklypp i 7-fjellspermen sin frå 1991. Når folk fører permlogg, veit ein at ein har med noko å gjera som er meir enn berre ein tur.

Det er upresist å kalla 7-fjellsturen for ein tur, det er ein kulturell bastion i den bergenske folkesjela. AK Glück-Teuigland, 7-fjellsgeneral

Somme fullfører i sandalar, andre i dress. Nokre kjem rett frå fest, medan andre har førebudd seg i eit halvt år. Det er spennvidda og mangfaldet som gjer arrangementet så spesielt. 7-fjellsturen er eit av over 2000 arrangement Bergen og Hordaland Turlag arrangerer kvart år. Det er folka omkring arrangementet som gjer arrangementet så vitalt, spennande og gjevande. Frivillige krefter trør til i alle aldrar og alle samfunnslag. Over tregrensa pratar snikkaren og advokten om det same, om nettopp opplevingar over tregrensa.

Med 200 frivillige i apparatet er 7-fjellsturen eit stort maskineri som er premissleverandør for gode og krevjande opplevingar for 9000 vandrarar som ser verdien av å slita og nyta. I den rekkjefylgja.

Lat 7-fjellsturen vera som eit fenalår. Når denne kraftprøva er gjennomført og svolten på meir gjer seg gjeldande, ventar kilometervis med merkte stier samt ein hyttepark med tallause velstelte hytter på deg i fjellområda i Stølsheimen, Bergsdalen og på Hardangervidda. Lat oppkøyringa til årets 7-fjellstur inspirera deg til fleire turar både i nærområda og på høgfjellet. På vegne av heile Bergen og Hordaland Turlag ynskjer eg alle ein retteleg god 3-, 4- eller 7-fjellstur sundag 28. mai!

7-fjellsturen er som eit saftig fenalår, det vert betre når det mognar litt og har ein kraftig meirsmak! AK Glück-Teuigland, 7-fjellsgeneral

Annonse