Turtips: Arnafjord–Vatnane–Tenne

Arnafjord.
Arnafjord. Foto: Birgithe Roald

Ta turen til Stølsheimen og fantastiske Fagerdalshalvøya.

Rute: Arnafjord–Vatnane–Tenne

Lengde: 9 km. Passar for: Barnefamiliar/alle

Turen er ikkje særleg lang, men gjev deg likevel om lag 900 høgdemeter opp til hytta, noko som betyr at det er bratt. Men kva er positivt med det? Jo, ein kjem raskt opp i høgda, og kan følgje med på fjorden som ein legg lenger og lenger under seg. Allereie etter 3 km har du gjort unna det meste av stigninga, og kan nyte naturens ro.

Vatnane turisthytte ligg på ein stølsbø på Fagerdalshalvøya, mellom Arnafjord og Finnafjorden i Sogn, i eit av dei mest karakteristiske og vakraste områda vestlandsnaturen kan by på! Hytta er ubetjent og har 6 sengeplassar. Ein kan velje å tråkke vidare inn i hytte- og rutenettet i Stølsheimen, eller ta ein rundtur ned igjen til fjorden og Tenne.

Foto: Birgithe Roald

Returen frå Vatnane til Tenne er heller ikkje særleg lang, og her er det bremsemuskulaturen som får prøve seg. Men stien er tydeleg, fossane er vakre, og plutseleg er du nede ved fjorden. På vegen passerer du Fossesete, kor du får kjensla av at det er langt meir stille i dag enn det var i tidlegare tider.

Tips: Når du pakkar ryggsekken, er det lurt å ha det tyngste inntil ryggen. Legg niste, drikke og snacks i lommene, slik at det er lett tilgjengeleg under turen.

Vatnane i Stølsheimen.
Vatnane i Stølsheimen. Foto: Birgithe Roald

Skrevet av Einar Sleire 14. juli 2017