Dugnad for rullestolbrukarar

Alexander Grieghytta.
Alexander Grieghytta. Foto: Joakim Vatnaland

Bergen og Hordaland Turlag jobbar med å opprette eit tilbod for personar med nedsett funksjonsevne. Bli med på dugnaden!

Tilrettelegging for rullestolbrukarar

Bergen og Hordaland Turlag har ingen hytter som er tilpassa rullestolbrukarar. Dette vil vi gjere noko med. Ved å legge til rette for rullestolbrukarar på Alexander Grieghytta vil vi kunne inkludere personar som normalt ikkje har tilgong til friluftsliv gjennom våre hytter. Personar med nedsett funksjonsevne skal i større grad kunne delta på dei turane og det tilbodet som allereie eksisterer i Turlaget. I tillegg vil det bli arrangert eigne turar spesifikt retta mot personar med nedsett funksjonsevne.

Alexander Grieghytta

Alexander Grieghytta ligg i Bergsdalen i Vaksdal kommune. 

Hytta blei bygd i 1972 og har 34 sengeplassar. Det er innlagt straum og vatn og ein kan køyre heilt til døra. Hytta er svært mykje brukt av skuleklassar. Den er også brukt hyppig i forbindelse med fjelleirar for barn og ungdom, introduksjonsturar til friluftslivet og familieturar. 

Hytta ligg i eit flott heilårs friluftsområde knytt til eit nett av T-merka stiar og flotte skiløyper som kvar vinter blir preparert av Hamlagrø løypelag. Området rundt hytta er idyllisk og gir rom for friluftslivsaktivitetar rett utanfor døra. Det er også fleire gode fiskevatn og badeplassar rundt hytta. Det er oppsettingsplass for lavvo på tunet og mange har si første overnatting ute her – i trygg avstand til hytte.

Les meir om hytta på ut.no

Prosjektansvarleg Folkehelse

Bergen og Hordaland Turlag har tilsett ein prosjektansvarleg innan folkehelse. Sigrid Kvåle Myksvoll skal spesielt fokusere på inkludering og integrering i eit Turlag for alle. Prosjekt som Klart det går og samarbeidsprosjekt med asylmottak og organisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne er ei viktig satsing framover. Alexander Grieghytta vil bli svært sentral i dette arbeidet i framtida ettersom hytta er lett tilgjengeleg, men likevel plassert midt i naturen med alle dei moglegheitene det medbringer. 

Ta gjerne kontakt med Sigrid for meir informasjon på sigrid.kvaale.myksvoll@dnt.no 

Foto: Vibeke Clausen

Bli med på dugnaden

Det er dyrt med ombygging. Mange støtteordningar gir ikkje pengar til slike formål. Derfor treng vi dykkar hjelp! Gi di støtte til prosjektet gjennom Vipps - kode 24915. Har du ikkje Vipps? Fortvil ikkje - pengane kan også overførast direkte til bankkonto 3624 68 33847.

Om du gir 500 kroner eller meir blir du med i loddtrekning. Vinnaren kan ta med seg venner og familie til privat overnatting på Alexander Grieghytta. 

Merk betaling: Klart det går!

Hyttefadder

Er du i ei bedrift som kan tenke seg å bidra? Bli hyttefadder for Bergen og Hordaland Turlag si første hytte som er tilrettelagt for personar i rullestol. Som hyttefadder kan bedrifta bruke hytta ifm. seminar, teambuilding, kunderepresentasjon eller familieturar. De får sjølvsagt brei eksponering i våre kanalar og de kan gi navn til eit av soveromma på hytta! Sjå denne presentasjonen ​​​​​​​​​​​​​​for meir informasjon.

Hyttevenn

Bedrifter og private kan også bli Alexander Grieg sin hyttevenn for 25 000 kroner. Som hyttevenn får du og familien/bedrifta fri eksklusiv bruk av hytta ei heil helg. 

For spørsmål: Ta kontakt med prosjektleiar Johnny Bjørge på johnny.bjorge@dnt.no eller på telefon 55 33 58 20/930 87 194

Tekst: Elise Hessevik

Skrevet av Einar Sleire 14. juli 2017