Arkivert artikkel!

Artikkelen er ikke lenger aktiv og innholdet kan derfor være utdatert.

Rispingen på Osterøy

Med utsikt inn Veafjorden og til Stanghelle
Med utsikt inn Veafjorden og til Stanghelle Foto: Elisabeth Eide

Rispingen er ein middels krevjande skitur med mykje fin utsikt. På vegen opp kjem Gullfjellet og Brøknipa til syne mot sørvest og vest, langsmed fjorden ser ein til Vaksdal og Stanghelle og frå toppen av Rispingen får ein ut mot havet i vest og nordover.

Rispingen ligg på Osterøy, som ofte vert kalla Vestlandet i miniatyr. Frå Bergen køyrer du aust mot Osterøy, tar over brua og tek av til Bruvik. Køyreturen tek omlag 45 minutt. Parker ved Båtaleitet og ta kursen mot Skarvenipa, retning søraust. For dei som vil ha ein lenger tur, kan ein ta mot sør og gå oppom Olsnesnipa. Merk at det er eit bratt parti her som treng vurdering av føreforhold.

På toppen av Raudskredbruna ligg ein to meter høg varde. Her er det avblåst og lett å sjå varden. Herfrå er det nydeleg utsikt mot bl.a. Stanghelle, som ligger i ei ”kløft” der fjorden smalnar inn i mot Dale. 

Utsikt mot nord frå Rispingen
Utsikt mot nord frå Rispingen Foto: Helene Ødven, Bergen og Hordaland Turlag
Hardt og kantete føre innover til Rispingen
Hardt og kantete føre innover til Rispingen Foto: Helene Ødven, Bergen og Hordaland Turlag

Annonse

Skrevet av Helene Ødven 2. mars 2018