Ein desemberdag på Bruviknipa

I år fekk Bruviknipa besøk på sjølvaste Luciadagen. For anledninga hadde ho kledd seg i ei fin kvit drakt av snø. Ho strålte i desembersola.
Snøen knitra under fjellskoa. Kaldt i ansiktet. Pakke seg inn i dunjakke på toppen. Ingen andre personar i sikte. Dagslys og sol ein kvardag i desember. Bonus.
Det er ikkje sjølvsagt at det er gode forhold for fottur til Bruviknipa på Osterøy i desember. Stien opp er mykje brukt og merka med stokkar som står fast i bakken og gule merker i trea. Likevel må ein sjå litt ekstra godt etter dei på grunn av snøen. Snøen var overraskande fin å gå i heile vegen til topps. Det var klink is der kor bekkane vanlegvis renn, men det var lett å runde desse utan særlege omvegar.
Sjekk turforslaget på ut.no her.