Påske i Stølsheimen?

Utsikt ned mot Åsedalen
Utsikt ned mot Åsedalen Foto: Sigrid Kvåle Myksvoll

Legg påsketuren til Stølsheimen! Det er flotte forhold sjølv om det ikkje er kvista innover. Både Selhamar og Åsedalen er hytter som har god kapasitet, og dei ønskjer deg hjarteleg velkomen.

Turen inn til Selhamar frå Trefall blei gått helga 5-7.april. Elvene er opne nokre stader, men uproblematisk å krysse. Følg gjerne vintertraseen gjennom Kvanndalen og vidare via sørenden av Kvilesteinsvatnet. Per 7. april var samtlege av vatna fine å krysse. 

Bruk Selhamar som base og nyt dei mange moglegheitene i nærleiken av hytta, eller ta turen vidare til Åsedalen. Vintertraseen er flott å følge. Eit flott alternativ til vintertraseen tilbake til Trefall kan vere å gå tilbake via Hundeggi. Går du frå Vikafjellet og via Sendedalen, vil ein tur oppom Blyfjell kunne gje deg fantastisk utsikt i alle retningar!


PS. Hugs alltid å ta eigne vurderingar undervegs med hensyn til snøskred, snøsmelting, trygge vatn osv.


Treng du kart og utstyr til påsketuren? Eller vil ha eit godt turtips? Kontakt Tursenteret vårt eller stikk innom for ein kjekk prat.

Kontaktinfo:

e-post: bht@dnt.no

Tlf: 553 35 815

Adresse: Friluftslivets hus i Marken, Tverrgaten 4-6, 5017 Bergen