Midtsommarnatt på Bakkanosi – på kanten av stupet mot Nærøyfjorden

1.	Soloppgang kl. 4.15 fargar spisse tindar med Hurrungane i Jotunheimen raude og Nærøyfjorden nedunder.
1. Soloppgang kl. 4.15 fargar spisse tindar med Hurrungane i Jotunheimen raude og Nærøyfjorden nedunder. Foto: Sveinung Klyve

Vil du ha ei oppleving utanom det vanlege, med vakker natur og ville stup med fjordutsikt, så dra til Jordalen og Bakkanosi.

Fakta om turen:

Lengde: 18 km tur-retur

Høydestigning ca. 800 meter

Tidsbruk 3–4 timar inn og 2–4 timar ut. Jordalen–Slettedalen ca. 1 times gange, Slettedalen til Bakkanosi ca. 2 timar.

Lang, men grei og spennande familietur som dagstur. Tørt og fint å gå, og lett å finna sti og varding. Eigna for lette fjellsko eller joggesko. Ikkje drikkevatn framme på sjølve toppen, men rikeleg fram til siste vatnet.

Gjennom Jordalen sitt nålaug

Nede i dalbotnen av Nærøydalen køyrer du ca. 2 km før du tek av til venstre, merka mot Jordalen.  Den nye tunnelen gjennom Jordalsnuten er ein draum å køyra, og etter 3 km er du ute i Jordalen med sine grøderike og vakre bakkar og bratte lier omkransa av høge fjelltoppar. Du køyrer ca. 3 km innover dalen og parkerer ved Jordalen skule. Her tek vandreturen til, og du kryssar elva like ved og tek fyrste veg til høgre oppover. 

Gjennom Slettedalen

Dette er ein bratt, men lettgått veg som stig 300 høgdemeter oppover og inn til stølane i Slettedalen. Turen tek ca. ein time. Her stig fjella bratt opp omkring deg, med Vardanosi, Solbjørganipa og Fetanipa mot sør. Turen vidare innover går på god og tørr sti i flatt terreng langs elva i Slettedalen, som ber namnet med rette. Så stig terrenget oppover, og du held framleis på venstre sida av elva, opp til eit lite tjørn. Her er det lurt å gå på venstre side, og du fylgjer så varding vidare oppover til toppen av fjellkammen, som vert kalla Lyngskaret. Her ligg eit vatn som ofte har snø og isblokker til langt utover sommaren. Bak skaret går terrenget bratt nedover, og du får eit glimt av Aurlandsfjorden og spisse tindar i Jotunheimen bak. Til høgre ser du ryggen som går fram til Bakkanosi. Du passerer vatnet på venstre side og fylgjer varding framover i steinur og på fjell. 

Magasug

Uansett korleis du går på denne ryggen, så endar du framme på stupet, 1400 meter over Nærøyfjorden. Her er det verkeleg magasug, der du får Nærøyfjorden og gardar og kyrkja på Bakka rett under føtene dine. På andre sida av fjorden ligg Vindeggi og Ramsøynuten, som stig bratt opp. Det er no i slutten av juni, og eg møter to polakkar som også skal overnatta på toppen. Kl. 23 går sola vakkert ned bak rosa skyer mot Fresvikbreen i nordaust. Eg har sett opp det vesle teltet mitt så langt ut mot kanten eg torer. Etter middag med Real turmat tek eg meg ein liten vandretur mot nord og bort på den andre av Bakkanosi sine to toppryggar. Toppane er skilt av med eit djupt hakk med høge stup med snøkantar på. Herifrå ser eg nordover og ned i Rimstigbotnen sine ville stup og småvatn.

Utover natta sit eg på kanten av stupet med eit lite bål framfor teltet og kosar meg med kaffi og kikkar ned på fjorden rett under føtene mine. Klokka 01.30 er det på det mørkaste, men eg kan framleis lesa i ei bok. Det er kjøleg, og eg har på meg ulltøy, dunjakke, hue og vottar. Så ljosnar det, og frå kl. 03.30 vert det raude og ljose skyer i aust, der ein ser sola lura under horisonten. Soloppgangen kl. 04.15 fargar spisse tindar med Hurrungane i Jotunheimen raude, og Nærøyfjorden si blanke flate ligg nedunder. Sola stig fort, og det vert varmare, slik at eg kan ta av dunjakka. Dei fyrste båtane er alt byrja å segla nede på fjorden. Dei to polakkane som har overnatta her oppe, er også framme for å sjå på soloppgangen. Eg legg meg i teltet litt og søv nokre timar.

Klokka 10 vaknar eg og er kokvarm i solsteiken. No har den vakre fjordutsikta vorte borte i tåke som er komen innover. Eg et frukost og kan no nyta den aktive båttrafikken med turistar innover fjorden  idet tåka brått letnar litt. Det er rart å tenkja på at ca. ein million personar tek turen kvart år. Undervegs heimover møter eg fem andre personar som har tenkt å overnatta på toppen neste natt. Dei har funne tips om dette på nettet. Det ser ut til at dette er vorte ein av dei svært populære toppane i «Vossefjella» både som dagstur og for overnatting. Undervegs tek eg eit bad i elva i Slettedalen og et lunsj. Etter ca. to timar er eg så framme att ved bilen til blå himmel og sol. Flottare fjelltopp for overnatting skal ein leita lenge etter. Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det ...

For å få ein ekstra spiss på turen, bør du køyra om Stalheim hotell og ned den berømte Stalheimskleiva. Denne er no einvegskøyrd nedover. Undervegs får du oppleva Sivlefossen, der du kan stogga undervegs og fylgja trapper bort til utsiktsplattformer. Du ser også  Stalheimsfossen, der det er laga tursti frå botnen av Stalheimskleiva og inn til fossen. Ein tur inn dit er også verd å bruka ein liten time på.

Tekst: Sveinung Klyve

Annonse