Fint føre til Vending turisthytte, Bergsdalen og Kvammafjella

Vending turisthytte
Vending turisthytte Foto: Helene Ødven, Bergen og Hordaland Turlag

Bruk dei neste fine dagane til årets første skitur til Vending turisthytte i Bergsdalen og Kvammafjella. Den har enkel tilkomst frå Hamlagrøosen. Frå omlag 700 høgdemeter er det fine føretilhøve. Det er omlag 2-3 timar å gå til hytta. 

Vending ligg flott plassert ved Vendingstjørn i fjellet mellom Bergsdalen og Kvamskogen, berre 2–3 timers gange i lett terreng frå Hamlagrøosen i Bergsdalen. Hytta ligg rett ved Fuglafjell og det er eit alpint fjellandskap som er mektig både sommar og vinterstid.

Det ligg eit spor på vintertraseen innover, og det er ingen vatn som skal kryssast. Langsmed Hamlagrøvatnet (-588) er det isete og litt holkete, men når ein kjem litt opp i høgda vert det veldig flott. Frå omlag 700 høgdemeter. Eit herleg dryss med laussnø på opp mot 10 cm. 

Turlaget disponerer 15 parkeringsplassar ved Hamlagrø. Det koster 60 kroner å betale pr døgn. For meir informasjon og booking av hytta, sjå https://ut.no/hytte/10763/vending. 

Hytta ligg rett under Fuglafjell.
Hytta ligg rett under Fuglafjell. Foto: Helene Ødven, Bergen og Hordaland Turlag

Annonse

Skrevet av Helene Ødven 4. januar 2021