Skitur til Gullhorgabu i nydeleg vinterterreng

Gullhorgabu turisthytte i Bergsdalen. Skitur med Per Arne Aadland.
Gullhorgabu turisthytte i Bergsdalen. Skitur med Per Arne Aadland. Foto: Helene Ødven, Bergen og Hordaland Turlag

Det er eit innbydande og trygt val å gå til Gullhorgabu turisthytte på ski i godt ver. Det er godt med snø, Storlitjørn er frose og det er lett å finne fram i eit vakkert vinterlandskap (det har kome meir snø sidan dette bilete vart tatt 12. januar). Vi reknar med at ruta vert kvita til vinterferien. Gullhorgabu turisthytte er ei oppleving i seg sjølv med spennande arkitektur. Legg gjerne inn ein topptur til Småbrekkebukken om tilhøva er der. Då får du ei fantastisk utsikt i alle retningar, og du ser blant anna bort til Skrott i Kvammafjella og til Lønahorgi på Voss. 

Gullhorgabu turisthytte ligg omlag 3 timers gange frå bilvegen i Bergsdalen. Du parkerer på Småbrekke der det er brøyta ein del parkeringsplassar innanfor grinda. Om det er fullt, kan du parkere langsmed vegen. Hugs å passe godt på om det kjem bilar under utlasting.

Traseen vintertid ligg på den kulturhistoriske vegen Militærvegen, som ble bygget som transportvei mellom Voss og Samnanger i slutten av 1920-årene. Stien er merka med små vegviarar som heng i trea innover. Etter ein halvtime passerer du Moastølen fra omlag 1890. Her går det ville Moagjelet innover mot sør.

Vi følgjer stort sett den same traseen som sommartid. No som vatna er trygge, kan ein sjølvsagt gå på dei. Her må ein halde seg godt unna innløp og utløp, og eventuelle råker. Det er eit viktig parti som avvikler frå sommartraseen. Ved Storlitjørn går traseen sommarstid attmed vatnet på venstre sida og over ei fonn som ligg godt ut på sommaren. På vinteren bør ein halde seg ute på vatnet og gå av vatnet meir midt mot skaret, slik at ein unngår å kome under fjellsida. På denne turen fann vi ein fin stad å gå av isen og sette sporet omtrent midt mot skaret. 

Frå Storlitjørni stig terrenget mot turens høyaste punkt, Høgdi. Her er det ein runestein, til minne om slaget ved Gulltjørna for omlag 1000 år siden: Vossakongen og samningakongen møttes her til kamp. Samningene ble jaget på flukt. Om det er avblåst, kan ein kanskje sjå den vinterstid. 

Dette er ein skitur som også kan eigne seg for store barn med gode skikunnskaper. Beregn lenger tid med barn.

Gullhorgabu har fått namn etter fjellet Gullhorga som ragar 1020 m.o.h. over Nedsta Gulltjørna ca. 850 m.o.h.  All overnatting må tingast i førehand. Det gjeld både voksne og barn. (Les også: Slik booker du sengeplass på turlagshytter). Hytta ligg i hjarte av Bergsdalen og ein kan gå vidare til Vending eller Høgabu.

Ta kontakt med Tursenteret i Marken om du har spørsmål eller treng nokre tips. Telefon 55335810 eller e-post til bht@dnt.no. Vi er der for deg! 

God tur! 

Annonse

Skrevet av Helene Ødven 31. januar 2021