Panoramautsikt frå Gråsidetoppen (1307 moh)

Majestetiske Lønahorgi midt i bilete
Majestetiske Lønahorgi midt i bilete Foto: Sigrid Kvåle Myksvoll

Nydeleg flott skitur med jevn og fin stigning frå Gjelle til Gråsidetoppen. 

Turmål: Gråsidetoppen (1307 moh.) 

Tid: Ca. 5-6 timar, ekskludert pauser.

Høgdemeter til toppen: Ca. 900

Lengde: 16,5 km (tur-retur)

Kvifor gå denne turen: Nydeleg utsikt, flott terreng og fine nedkjøringar. 

Turen startar på omlag 400 høgdemeter om du brukar parkeringsplassen der sommarstien startar (Hovden). Spenn på deg skia og følg skogsbilvegen knappe 1 km, før du til venstre for vegen ser skilt i retning skogen. Slyng deg mellom busker og skog før du etterkvart kjem høgare og høgare og kan snu deg og sjå Voss frå ein ny kant! Og nydelege Lønahorgi! Du vil etterkvart komme opp på snaufjellet og kan følge ryggen opp mot Gråsidetoppen. Turområdet ligg i nordhelling, så ein må gjere seg fortjent til sol i ansiktet. 3. februar dukka sola opp omlag på 900 høgdemeter. Utsikten på toppen er vel verdt det - med blant anna fantastisk skue mot Lønahorgi, Raundalsryggen, Hardangerjøkulen og Hårteigen i det fjerne. 


Turen ned igjen kan dedikerast til å øve på å sette dei perfekte telemarksvingane.. God tur!

Solnedgangen vises som ei laaang stripe i fjella, plutselig var den nede og fargene gjekk frå gult og oransje til lilla og blått..
Solnedgangen vises som ei laaang stripe i fjella, plutselig var den nede og fargene gjekk frå gult og oransje til lilla og blått..

Pakkeliste og gode tips til vinterturen

Ta kontakt med Tursenteret i Marken om du har spørsmål eller treng nokre tips. Telefon 553 35 810 eller e-post til bht@dnt.no. 

 Sjå fleire bilete frå turen