Skieldoradoet Samnanger

På vei til Raudvatnet i Samnanger.
På vei til Raudvatnet i Samnanger. Foto: Per Arne Aadland

Gullfjellstoppen, Tveitakvitingen og Eikedalen skisenter er alle kjente og populære turmål for dei som likar seg med ski på beina. Men Samnanger har også mykje meir å by på for oss skiglade. Med ein times køyring frå Bergen og 6 månader(!) skisesong har Samnanger mykje å by på for dei som torer seg utanfor preparerte løyper.

Totræna vinterpark – for heile familien

Skisesongen startar som oftast i desember, og med litt rusten teknikk, men desto større lengt etter den første skituren, startar me gjerne i Totræna vinterpark. Langrennsgruppa i Samnanger idrettslag er på pletten straks det er snø og preparerer heile den fem kilometer lange løypa. Du kan ta skiene på ved parkeringa, og etter 50 meter er du i løypene. Her kan du følgje den småkuperte løypa i kortare eller lengre rundar, eller du kan gå rett utanfor løypa og finne din eigen haug der du kan nyte dagen med mat, drikke og skileik. I Totræna er det også eit preparert skileikområde med akebakke og hoppbakke, så dette er verkeleg eit eldorado for familien.

Kanskje nokon i familien vil ha litt større utfordringar? Vardane (711 moh.) byr på skogsterreng og snaufjell, høg puls og variert skikøyring. Følg langrennsløypa til «Magasuget» og ta til venstre inn i skogen. Herifrå går det som regel spor vidare oppover. Løypa snor seg fint gjennom småskogen, forbi nokre hytter og opp til fjells. Heile vegen i sørvendte hellingar med gode soltilhøve. Om dei fire kilometrane opp vert for kort, kan du vende nasen vestover og gå på Storenuten, eller Boganipa, som den også heiter. Heile vegen med utsikt ut Samnangerfjorden, eller kanskje blikket vender nordover mot nye fjell innover mot Høgabu og Bergsdalen. Det er også fint skiterreng, men det bratte Bogaskaret kan vere ei utfordring med laussnø eller hard skaresnø.

Les mer om Totræna vinterpark på UT.no

Totræna vinterpark i Samnanger.
Totræna vinterpark i Samnanger. Foto: Ingeborg Aadland

Raudvatnet – trakke eigne spor

Uti januar har det auka på med snø, og skiteknikken sit betre, så då er det tid for å leike seg og få brynt skikunnskapane. Ein tur til Raudvatnet går stort sett i slakt skogsterreng, så skredfaren er liten, sjølv om det har lava ned med snø dei siste dagane. 

Turen frå BIR Gjenbruksstasjon til Raudvatnet er ein svært populær tur om sommaren, både til fots og på sykkel (søk opp «Båsstien» på nett). Kvifor ikkje prøve på ski? Turen er ikkje meir enn 4 km med 400 meter stigning, men byr på tekniske utfordringar. Skitraséen følgjer stort sett sommarstien, som startar med 800 meter langs skogsveg før du tek av til venstre på stien som snor seg mellom furuleggar og bjørk. Det krev godt feste og balanse å sno seg opp over myrer og tuer, men etter kvart kjem du over skoggrensa, og landskapet opnar seg. Oppe ved Raudvatnet kan du ta ein velfortent pause og nyte utsikta over Samnanger. Har du flust med krefter att, kan du fortsetje til Raudnipa. Ta deg i så fall opp til Holmavatnet og følg ryggane nordover til du er rett vest for toppen. Hugs å spare krefter til returen. «Markaskreiing» krev mjuke kne og kjappe svingar om du skal tråkle deg trygt ned att til bilen. Krevjande, men god kondisjons- og teknikktrening.

Skitur til Raudvatnet i Samnanger.
Skitur til Raudvatnet i Samnanger. Foto: Per Arne Aadland

Kvitingen – fjellet for deg sjølv

Når dagane vert lysare, temperaturen kryp oppover og snøen er meir stabil, er det tida for å kome seg høgare til fjells. Området mellom Samnanger og Bergsdalen har toppar opp mot 1300 moh. og byr på mange fine ruter.

Om du køyrer fylkesveg 5128 heilt til endes, kjem du til Kvitingen. Fjellgarden ligg om lag på same høgd som Eikedalen, men her går du sjeldan i kø. Rett nordover frå parkeringa går militærvegen innover Klungerdalen. Dette er andre enden av militærvegen frå Småbrekke til Gullhorgabu, som nok er meir kjend for dei fleste. Eit alternativ er å følgje denne heilt til Gullhorgabu (langs sommarruta), men ein like fin tur er å gå til Høgabu. Etter dei første flate kilometrane, stig det 200 meter i ei kneik. Med det same det flatar ut, tek du til venstre og peiler deg inn på høgspentlinja. Denne følgjer du til det vesle vatnet rett sør for Herfangen, før du dreier nordaustover og følgjer Herfangsdalen til topps og vidare inn over vatna mot Høgabu. Her er det slake og romslege nedkøyringar om du tek same vegen heim att. Vil du ha rundtur, kan du gå ned att via Tjørndalen og Hesten.

Terrenget rundt Kvitingen er snørikt og bratt, så dette er ikkje området å ferdast i om skredfaren er stor.

På vei til Kvitingen i Samnanger.
På vei til Kvitingen i Samnanger. Foto: Ingeborg Aadland

Jarlandsfjellet – midnattsskitur

Når dei fleste har pakka vekk skiene etter påske, er det enno rikeleg med snø i Samnangerfjella. Kanskje er du lei snø, men om du ikkje har prøvd det før, synest eg du burde ta ein skitur i mai eller juni. Kombinasjonen ski i shorts og bading i fjorden på same dagen lever du lenge på!

I Jarlandsfjellet ligg snøen lenge, sidan terrenget vender mot nordaust. Her kan ein som oftast gå på ski heilt på tampen av sesongen, og Samnanger Turlag har arrangert fellesturar her i juni fleire gonger. Det vert sjølvsagt litt bering av skiene så seint på året, men skitur i solnedgang ved midnattstid er ei magisk oppleving.

100 meter vest for avkøyringa til Totræna frå Fv 49 går vegen opp til Holmane. Etter 2 km flatar vegen ut, og det er parkeringsplass på venstre side av vegen, cirka 300 moh. Gå over brua og følg skogsvegen om lag 400 meter nordover,  der stien tek bratt opp til høgre. Stien er lett å følgje med små vardar og steinsette myrer. Dette arbeidet har ordføraren i bygda gjort stort sett på eiga hand, då dette er hans favorittur. Som oftast er det mogleg å ta på skiene 800–900 moh. Så er det berre å følgje fennene i nordvesthellingane innover mot Bjørnakultane, Raudaberget og heilt til Gavlen for dei sprekaste. Her kan du speide etter folk på Tveitakvitingen og nyte utsikta til Gullfjellet, Byfjella og havet i vest.

Ingen av desse fjellturane er merka, og det er heller ikkje garantert at du finn spor å følgje. Du bør difor sjekke vêr- og skredvarsel nøye, og vere kjend med kart og/eller GPS. Men er du turvan og nysgjerrig på kva Samnanger har å tilby, er dette flotte turar som er eit must for meg kvar vinter. God tur!

Mange skimuligheter i Samnanger.
Mange skimuligheter i Samnanger. Foto: Ingeborg Aadland

Annonse