Påskeskitur til Ulvanosa

Kvinnherad er ein unik boltreplass for turglade, med eit mangfald av natur frå fjord til bre. Turen til Ulvanosa er ein klassikar.
Ulvanosa
Turen til Ulvanosa har det meste. Turen startar frå Utåker, med gode motbakkar, som gjer at ein kjenner i beina at ein går til fjells. På vegen passerer ein Dyrrindo, eit vakkert sel som er restaurert på frivillig basis av lokale eldsjeler. Turen til Ulvanosa er relativt lettgått, med grøne tuer og heier, før ein kjem opp på snaufjellet, med store steinar, badekulpar, svaberg og etter kvart ein formidabel utsikt i alle retningar.
Frå toppen ser ein alpine tindar, fjordarmar i fleire retningar, vide fjellområde, djupe dalar og til og med Folgefonna i det fjerne.
Ulvanosa er ein klassikar som påskeskitur. Den passar fint for fjellski, då det ikkje er så veldig bratt. Det går om lag tre timar til toppen. Det er òg mogleg å gå opp frå Uskedalen. Det er ein brattare og kortare tur.
Se video fra Kvinnherad Turlags vårskitur til Ulvanosa
Tekst: Ågot Caroline Nilssen
