Skitur til Instebotn

Skitur til Instebotn ved Dyrkolbotn.
Skitur til Instebotn ved Dyrkolbotn. Foto: Liv-Anne Aanesen

Ein av dei finaste turane i Romarheimsdalen og Dyrkolbotn går til Instebotn. Sjølve turen er stort sett flat, og du finn fine lier for leik og moro for både små og store.

Tid tur-retur Botnavatnet–Instebotn: 2,5–3 timar
Køyretid frå Bergen: ca. 1 time
Kart: T24 Masfjorden, 10046 Modalen (Norgeserien)
I sekken: Spade, bål-ved, tennbrikettar/never, fyrstikker, grillpinne, lunsjmat.

Turen startar ved Botnavatnet like nedom Dyrkolbotn leirskule. På fine dagar rundt påske kan det vere trangt på parkeringsplassen, men elles i vintersesongen treng du ikkje leite etter ei luke.

Første etappe går i fin diagonal over Botnavatnet, eller Heimavatnet, inn til garden. Ei strekke som gir godt høve til å kjenne om du traff med valet av smøring. Sjølv om Dyrkolbotn gard ligg berre 350 moh., får du her ei kjensle av å vere på fjellet. Bjørkeskogen veks spredt, og dalen har ein eigen ro over seg. Her er framleis fast busetnad, og det er elles ei handfull hytter langs vatnet innetter.  

Inst i Dyrkolbotn er det ei lita stigning opp til Fossvatnet, den einaste verkelege motbakken å bryne seg på på denne turen. Når du bikkar kanten, opnar landskapet seg mellom fjella, og vegen går vidare over Fossvatnet før du får landkjenning over Langaneset. Dalføret innover er lunt og sørvest-vendt, slik at sola strekkjer seg innover i fleire timar allereie frå slutten av januar månad. Du finn sol her i desember og tidleg i januar òg, men då skal du planlegge turen litt.

Når du har gått Langaneset, kjem du over til neste vatn, som er Instebotnvatnet. Og der inne, på andre sida av vatnet, ligg Instebotn. Det kjem ei elv ned både på høgre og venstre side inne i den breie botnen, så det er lurt å ta sikte midt over vatnet. Du finn allereie der ei fin li som passar godt til skileik og bålkos. Vil du gå litt lenger, tar du til venstre inn i Midtbotn. Der var det frå gamalt av slåttemark, og der veks i dag ein stor og eventyrleg bjørkeskog. Lia opp frå Midtbotn, med Skreknolten bakom, er òg ein fin stad for leik og rast, eller du kan leggje ruta litt vidare og runde rundt åsen og ned i sjølve Instebotn. Eit vakkert område som også var slåttemark tidlegare, og der det står att ei gammal utløe.

Returen går over åsen, med fint unnarenn ned til vatnet igjen.

Eit anna flott turmål herifrå er Instebotnknolten, som er nest høgste toppen i Alver kommune, med sine 920 moh. Men denne turen har ikkje familieprofil og krev gode forhold, sidan særleg eitt parti er skredutsett. La turen til Instebotn vere ei første rekognisering – eg føler meg trygg på at du vil ynskje å komme tilbake hit.

God tur!

Tekst: Liv-Anne Aanesen

Tips: Ta med ferdiglaga bål-ved av ein granstubbe – lag fire kutt med motorsag på tvers over ein tørr granstubbe. Ha tennbrikettar eller litt restar etter talglys i skårene. Då får du bålkos og komfyr i eitt!
Foto: Liv-Anne Aanesen

Annonse

Foto: Liv-Anne Aanesen