Rundtur over Erstadfjellet og Stemmeseggi fra Valestrand

Utsikt mot Garnes fra Erstadfjellet på Osterøy.
Utsikt mot Garnes fra Erstadfjellet på Osterøy. Foto: Sigrid Kvåle Myksvoll

Osterøy - nordeuropas største innlandsøy - byr på mange flotte og varierte turmoglegheiter! 

Denne flotte turen starter fra Reigstad, Valestrand. Turen startar med skogsveg, og går etter kvart over på godt synleg sti. Ein stiger fint i terrenget og det blir mindre og mindre skog etter kvart som ein nærmar seg Erstadfjellet. Ein kjem fyrst til ein varde som ein skulle tru var toppen, men uansett er det vel verdt å ta seg ei lita pause her, og nyte utsikta. Ikkje langt unna er det satt opp dagsturhytte, som kan vere eit fint turmål i seg sjølv. Litt lenger forbi og oppover når ein toppen på Erstadfjellet. Ein ser også vidare mot Stemmeseggi, som er neste topp i dette turforslaget. Fyrst skal ein eit godt stykke ned igjen mot Askelandsvatnet, for så å følge ryggen oppover mot Stemmeseggi igjen. Vel oppe her er det også vel verdt å ta seg ei god pause å nyte utsikta. Vidare går ein så nedover stien mot Sundland, og så Askeland. Ja, det er ein opp-ned-opp-ned-opp-ned-tur dette! Ved Askeland skal ein forbi nokre hus på vegen, før ein igjen kjem inn på sti og deretter skogsveg i retning mot Hånipa og tilbake mot Valestrand. Når skogsvegen slutter kjem ein inn i skogen, og følger denne heilt til ein kjem ut på kanten og ser ned i fjorden. På andre sida ser ein mot blant anna Ytre Arna og Breistein. Stien mot toppen av Hånipa går langs med kanten, noko som kanskje kan vere litt skummelt for dei med høgdeskrekk. Men den er ikkje utsatt. Uansett kan ein velje ein sti litt lenger inne om ein føretrekk det, den såkalte "tryggleikstien". Fra toppen av Hånipa går turen nedover igjen, med fleire flotte utsiktspunkt på vegen, og ein kjem til slutt ned til Reigstad igjen.

  • Lengde: 13,9 km
  • Varighet: 4 t (utan pause)
  • Gradering: Middels


Les meir om turen på ut.no her

​​​​​​​
Sjå bilder frå turen: