Frå fjell til fjell i Vinter-Voss

Kanskje vakre Mjølfjell kan lokke på skia i 2022?
Kanskje vakre Mjølfjell kan lokke på skia i 2022? Foto: Audun Hellevang

Ein kort togtur frå Bergen finn du fine skiturar rundt kvar einaste topp. Bli med på ein runde i Vossafjella.

Klassikaren Gråsida

Du treng ikkje gå lenger enn ut døra på togstasjonen før du ser opp på snøkledde Gråsida. På finvêrsdagar ruvar ho over bygda og speglar seg forlokkande i Vangsvatnet, til glede for alle skientusiastar.

På vinterstid byr Gråsida på ein klassisk fjellskitur. Eit vanleg startpunkt er Hodnaberg, som også er ein av inngangane til Bergsdalsfjella. Frå Hodnaberg går du opp til hytta Torfinnsheim og glir innover Gråsida. Skituren er kring to mil lang, og du avsluttar med ei nydeleg nedkjøring, til dømes til Hindartveit. Denne turen blir kvista før påske, men det er uansett å anbefala å ha gode kunnskapar om både kart og kompass. Turen over Gråsida er krevjande, og høgfjellet på vinterstid kan vere knallhardt. Om vêret skulle snu, eller om det skulle freiste å bli ei natt ekstra i fjellet, går du forbi DNT-hyttene Torfinnsheim og Nansenbu. Mot slutten av turen kjem du til Gråsidetoppen (1307 moh.). Dette er høgdepunktet for mange, og herifrå går det berre nedover.

Nansenbu.
Nansenbu. Foto: Liv Holstrøm

Lønahorgi med storslått utsikt

Frå Gråsida har du utsyn heilt frå Bergsdalsfjella med til dømes Mykkeltveitveten (1131 moh.), til Vossevangen og over til fjella på andre sida av sentrum, til gondolen og Hangurstoppen. Bak Hangursrestauranten får du lett auge på Lønahorgi (1410 moh.), som har ei godt synleg radio- og tv-mast på toppen.

Lønahorgi står i all si prakt bak skianlegget Voss Resort. Viss du kjem opp med gondolen frå togstasjonen, er du alt langt på veg. Du kan også starte turen dit frå Bavallen, i nedste delen av skianlegget, eller ta skitrekket heilt opp til Horgaletten. Turen til Lønahorgi er fin på både fjellski og randonee. På den spisse toppen kan du nyte kaffien med utsikt til isbrear i alle himmelretningar; Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna. Her er det berre å velje og vrake! Du kan velje om du vil returnere same vegen som du kom, eller kanskje ta turen om Storebrekkuna og Preststølen ned til Afdal. Her finn du mange fine linjer nedover fjellsida, og flott skogskøyring på slutten, om det er nok snø.

På ski frå hytte til hytte

Nord for Lønahorgi finn du eit populært område for fjellskiturar på både ein og fleire dagar. Her driv Voss Utferdslag hyttene Tvinnestølen, Volahytta og Torvedalshytta. Her kan du gå på kryss og tvers og nyte gode vinterdagar på fjellski, eller kjenne varmen frå omnen medan du ser ut på snøvêret trygt inne frå ei av hyttene. Startpunkt for hytteturane kan mellom anna vere Voladammen, Afdal, Engjaland eller Gullbrå.


Raundalsryggen 1. mai, mot Skipadalsnuten.
Raundalsryggen 1. mai, mot Skipadalsnuten. Foto: André Marton Pedersen

Topper som freistar

I triangelet mellom desse tre hyttene finn du godt kjende toppar som Kvitanosi (1433 moh.) og Skreieggi (1324 moh.). Begge desse er gode turmål, også med randoneeski. Frå desse toppane kan du la blikket gli vidare til Finnbunuten (1358 moh.) på Vikafjellet. Her kan du ta lettaste ruta ein times vandring frå toppen av Kari Traa-trekket i Myrkdalen fjellandsby. Du kan også gå frå samecampen på toppen av svingane opp til Vikafjellet. Dette er nok ein utsiktstur, og du kan sjå heilt til Hurrungane om vêret er klart. Du ser også over til Raundalsryggen, nok ein klassisk skitur på Voss.

Turen over Raundalsryggen er krevjande og går over toppane Olsskavlen (1576 moh.), Seldalsnuten (1548 moh.), Skipadalsnuten (1496 moh.), og Horndalsnuten (1461 moh.). Denne er for dei mest ambisiøse, men du kan også gå éin topp om gangen og fordele skigleda over fleire dagar! Horndalsnuten ser du tydeleg når du køyrer inn til Voss frå Bergen. Herifrå har du også godt utsyn ned att til start på Vossevangen.

Når kvelden kjem og dørene lukkar seg bak deg på Voss stasjon, kan du sjå snøen på Gråsida blenkje i solnedgangen på Vangsvatnet. Men toget har ikkje forlete perrongen heilt ennå! Om du ikkje er mett på fjellopplevingar, ventar godt opplyst snø under ein klar stjernehimmel – eller kanskje ein fullmåne.

Velkomen attende til Voss!

Tekst: Siri Flatlandsmo


Tur i Bergsdalsfjella.
Tur i Bergsdalsfjella. Foto: Audun Hellevang

Annonse