Omvegen du gjerne tek

På veg til Lidskjalv, heilt sør på Vidden.
På veg til Lidskjalv, heilt sør på Vidden. Foto: André Marton Pedersen

Av og til er omvegar slett ikkje noko heft. Av og til er det omvegane som løftar turen.

Tekst: Knut Langeland

Ei presisering først, for knapt gir det meining å snakka om omveg når du er på tur. Det er ikkje den irriterande kjensla av bortkasta tid du opplever når du svingar bortom ein topp eller frampå ein kant litt utanfor allfarveg. Du gjer det for å gi ekstra innhald til turen. Det er ikkje som når Arnanipatunnelen er stengd og du må køyra om Garnes, liksom. Ikkje eit vondt ord sagt om Garnes, forresten, men omvegane, eller avstikkarane, du tek i fjellet er snarare til kveik enn til kvie.

Flokkmentalitet

Det er midt i februar. Ein «motorveg» er etablert over det bergensarane kallar for Vidden. Denne resten av det som ein gong var den vestlege utkanten av Hardangervidda, lokkar bytampane til fjells i store flokkar, og når snøen har lege ei stund der oppe, kvit og freistande, får vi sjå resultatet av denne evna vi har til å klumpa og konsentrera oss. Endå om Vidden er vid, er «motorvegen» smal, rett og hardtrampa.

Turfølgjet eg er ein del av, har no baksa seg på bakglatte ski opp Korketrekkjaren. Impulsen seier at vi skal vidare beint mot nord, men eg dreg følgjet med meg i søraustleg retning. «Omvegen» fører oss i mjukt pudder over stivfrosne myrer og runde rabbar.

Berre ein og annan spesielt interessert og informert har funne på å bryta av og leita seg fram til dette rikt overstrøydde dalføret vest for sjølve viddeplatået. Vi kan telja skispora på ei hand.

På veg mot Gimlebakken.
På veg mot Gimlebakken. Foto: André Marton Pedersen

Tøff kneik

Kan hende er det uviljen mot å gi frå seg hardt tilkjempa høgdemeter som gjer desse milde hamrane så befriande jomfruelege. Kan hende er det Gimlebakken.

Gimlebakken er vegen opp på den sørlege halvdelen av Vidden. Meir ei kneik enn ein bakke ligg han der beint sør for Vassdalvatnet som ein skaparverkets geniale konstruksjon og gir bratt og smal, men god tilkomst til det rause og innbydande viddelandskapet oppom kanten. I hytteveggen på Lidskjalv, heilt sør på Vidden, og med vakkert utsyn mot kysten sør for byen, unnar vi oss pause og ein matbit.

Forbausande få har nytta høvet denne lange kuldeperioden til å gli ned til denne sørlege utkanten av Vidden. Om ikkje anna, så for å sjå den låge vintersola setja sørhimmelen i brann. Det går ei stripe nordover mot Turnerhytten. I hovudsak nytta av gåande. Bortsett frå det ligg vinterlandskapet så godt som urørt, så reint og ærbart at det nesten framstår som heilagt. Turfølgjet som glir over desse kantane og ryggane, syter instinktivt for å gjera det med ærefrykt.

Sjelefred og jubel

Men det er vanskeleg ikkje å vera frydefullt entusiastisk, og inni oss er det sjølvsagt det vi er, alle saman. I takksemd til ei vinterverd som så vilkårslaust rundhanda oppfyller alle våre draumar og forventningar. Sol frå skyfri himmel, glitrande pudder, storfelte utsyn til bygd og by og dalføre og fjord og hav og skog og høgare fjell. Ikkje eit vindpust. Fred og harmoni. Til djupt inn i sjela.

Sjølv på toppen av Hauggjelsvarden, Byfjellenes høgaste punkt på 673 meter, er det blikk stille. På vegen opp har vi passert inntil Byfjellenes eldste hytte, Valhall, i seg sjølv ein attraksjon. Bygd i 1896 av tolv ivrige ungdommar. Hytta har framleis tolv eigarar. Hauggjelsvarden ligg heilt aust på Vidden. Her går terrenget bratt utfor ned i Arnadalen i aust, med jordbruksgrendene Hauge og Borge nærmast. Utsynet vestover er eit heilt anna. Her er det innbydande, jomfrukvite vidder nesten så langt auget kan sjå.

Frå Hauggjelsvarden går turen vidare vestover.
Frå Hauggjelsvarden går turen vidare vestover. Foto: André Marton Pedersen

Skikkeleg skitur

Så langt auget kan sjå, og forbi, er der vi skal. Turmålet, Fløyen, er, lenge enno, utanfor synsvidd, og slik er skituren over Vidden ikkje berre eit opphaussa bergensk skryteprosjekt, det er ein skitur som kan måla seg med det meste, målt i både distanse og utfordringar. Borgaskaret, til dømes, er så bratt og uvegsamt at mange vel å ta skia av og gå ned, og opp att på hi sida, på føtene. Heller ikkje brattane og skråkøyringane nedover mot Øvre Jordalsvatnet er til å kimsa av.

Så skal det klivast att. Mellom oss og Fløyen ligg framleis ikoniske bergenske fjell som Rundemanen og Blåmanen. Hyttelien ligg delvis i skugge no, men hundre høgdemeter set farge att i februarbleike fjes.

Nydelig utsyn over Bergen.
Nydelig utsyn over Bergen. Foto: André Marton Pedersen

Eksotisk

Det siste lange diagonalstrekket, «omvegen» over Lille og Store Tindevatnet, blir nytt i stille refleksjon. Dagen har vore ein vi alle kjem til å minnast. For skiføret i Byfjellene er svikefullt, og dette høvet til å gli over snødekt is i nesten umiddelbar nærleik til gater og smau og fisketorg og brygge, er ikkje noko vi kan ta for gitt, ikkje noko vi kan planleggja å gjera att til neste vinter.

Vi kan sjå det på dei vi møter, salig smilande i kveldssola, korleis dei prisar og verdset og sansar og tek inn og syter for å lagra det strengt eksotiske i denne opplevinga.

Nett slik som vi gjer. For det kan gå lenge til neste gong.

Over Lille og Store Tindevatn.
Over Lille og Store Tindevatn. Foto: André Marton Pedersen

Annonse