Vinter i sikte

Hallingskeid.
Hallingskeid. Foto: Linda Fongaard

Er du også ein av dei som er ivrig etter å få starta skisesongen og sjekkar webkamera, satellittbilete, vêrvarsel og snøkart for å sjå om det er sjanse for ein skitur?

Dei første turane vert det som oftast både bæring av ski og nye hakk og sår under skiene, men opplevinga når du har stavra deg opp bakkane og fått skiene på glid, er verd månader med lengt.

Om du ikkje har teke ein vintertur med overnatting før, vil du kanskje prøve det denne vinteren? Opplevinga set spor anten du får måneskin og stjernehimmel eller kuling og snødrev. Tettast på naturen kjem du om du tek natta i telt, men då treng du mykje og godt utstyr, og sekken vert ofte stor og tung. Eit godt alternativ er å leggje turen til ei av Bergen og Hordaland Turlag sine hytter. Då vert sekken og turen langt lettare, og du kan sjå fram til ei tørr og varm natt på hytta. Alle hyttene er opne heile året, og dei fleste har også proviantlager.

Høgabu – eit fint turmål om vinteren

I Bergsdalen ligg hyttene på rekke og rad med Høgabu, Gullhorgabu og Vending, alle under ei mil frå Bergsdalsvegen. Høgabu vart bygd som turlagshytte alt i 1937 og er dermed den eldste hytta vår. Løypa frå Lid vert kvista, så det er lett å finne vegen, og turen byr på variert terreng. Første del går gjennom småskogen, der løypa er merka med blå pinnar som heng i bjørkene, og vidare opp mot snaufjellet er det merka med tradisjonelle kvistar. Når du har passert det høgaste punktet vest om Gråfjellet, er det berre å gli nedover bakkane og gle seg til synet av Høgabu, som oftast er pakka varsamt inn av ein snøskavl på nordsida, medan sørsida ligg naken mot sola. Opphaldsrommet er ikkje større enn at det er fort gjort å få opp varmen, og dei gamle svart-kvitt-bileta av vinterlandskap på stoveveggane set stemninga for ein koseleg kveld innandørs. Hytta har 25 sengeplassar, og om vinteren er det eit stort pluss med innandørs do i hovudhytta. Høgabu er lettast å nå frå Bergsdalen, men også Herfindalen i Vaksdal og Kvitingen i Samnanger er aktuelle startpunkt.

Les meir om Høgabu her

Høgabu i Bergsdalen.
Høgabu i Bergsdalen. Foto: André Marton Pedersen

Ta toget til Hallingskeid

Hallingskeid turisthytte har noko for alle. Du kan ta toget nesten til døra og slepp den lange skituren før du kjem i hus. Dette er særleg freistande for barnefamiliar, men også for andre med mindre skierfaring. Har du først sjekka inn på Hallingskeid, byr området rundt på utfordringar for alle. Du kan leike med ski og akebrett i bakkane rundt hytta, eller spenne på fjellskiene og oppleve høgfjellet rett frå hyttedøra. Kanskje du skal starte turen på Finse og gå dei 18 kilometrane til Hallingskeid? Med over 50 sengeplassar er det sjeldan fullt, og innlagt straum og vatn gjev opphaldet ein tøtsj av luksus.

Les meir om Hallingskeid her

Hallingskeid
Hallingskeid Foto: Silje Valla

BT-hytten på Mjølfjell

Ved Mjølfjell ligg ei «hemmeleg» hytte med plass til 6 personar. Hytta er relativt lite besøkt om vinteren, så det stor sjanse for å få den for seg sjølv. BT-hytten ligg om lag 6 kilometer frå Mjølfjell stasjon og er omkransa av bratte fjell. Turen frå stasjonen og inn til hytta går i trygt terreng, og du kan gå fine turar i dalane. Turen til Skorafjellet (1583 moh.) er ein nydeleg topptur som gjev utsikt over heile Hardangerfjorden. Vil du klyve toppane i området, bør du ha god skredkunnskap og sjekke varsom.no på førehand. Utpå vårparten passar BT-hytten perfekt i kombinasjon med Raundalsryggen, då det ofte er vanskeleg å tilpasse ein dagstur over ryggen med togtidene.

Les meir om BT-hytten her

BT-hytten på Vesete, Mjølfjell.
BT-hytten på Vesete, Mjølfjell. Foto: André Marton Pedersen

På kvista løype til Selhamar

Om meldingane er gode og du har fått testa skiene nokre turar tidlegare på sesongen, er tida inne for ein lengre skitur i høgfjellet. Bergen og Hordaland Turlag har fleire hytter langt til fjells, og utpå vinteren vert rutene inn til nokre av desse kvista slik at det vert lettare å finna trygg veg til hytta. Sjekk kvistekartet på turlaget sine føremeldingar for oppdatert informasjon om kvisting.

Før påske vert det kvista frå Vikafjellet dei to mila inn til Selhamar. Løypa går i slakt terreng inn Sendedalen, før det vert ein kneik på 300 høgdemeter. Alternativ rute er inn frå Trefall i Eksingedalen. Denne ruta er om lag 15 kilometer, men har litt meir stigning. I området rundt Selhamar er det mange oppdemde vatn, men fleire av dei kan kryssast på ski. Sjekk iskartet på varsom.no for å sjå kva for vatn som er oppdemde og kva for område på isen som er spesielt utsette. Hytta har 45 sengeplassar fordelt på ni soverom i hovudhytta og tre i sikringsbua, så det er god plass til større og mindre grupper.

Les meir om Selhamar her

Selhamar i Stølsheimen.
Selhamar i Stølsheimen. Foto: Torill Refsdal Aase

Hadlaskard på Vestvidda

Hadlaskard er ei av våre største hytter, med 48 senger, og den ligg sentralt vest på Hardangervidda. Hytta har vore eit knutepunkt for turistar på Hardangervidda i ei årrekke, og her er historia godt forankra i tømmerveggane. Det er fleire aktuelle ruter frå riksveg 7, og dei mest brukte er frå Garen (Fet) eller frå Dyranut. Er du så heldig at du kan bruke fleire dagar i fjellet, kan Hadlaskard gjerne kombinerast med Litlos, Sandhaug, Stavali eller andre hytter på Hardangervidda. Eller du kan slå deg til ro på Hadlaskard i fleire dagar og ta dagsturar i området.

Er du glad i fjellskiturar, er Hardangervidda ei oppleving du garantert vil setje pris på. Her er du på høgfjellet med uendelege vidder, og sjansen for å treffe reinsdyr er nesten større enn for å treffe folk. Hardangervidda om vinteren er fascinerande, men vêret skiftar fort, så du må vere budd på skodde, vind og snøbyger og kunne navigere trygt i all slags vêr.

Eg vonar me har ein fin vinter framfor oss med mange fine skiopplevingar. Det gjeld å gripe moglegheitene når dei kjem. 

Les meir om Hadlaskard her

Tekst: Per Arne Aadland

Tur til Hadlaskard fra Garen.
Tur til Hadlaskard fra Garen. Foto: Hild Fjermestad Aase

Annonse