Sommertips: Kalvedalshytta - i fjellstrilens rike

Kalvedalen turisthytte med Storevatnet og  utsyn i sørlig retning.
Kalvedalen turisthytte med Storevatnet og utsyn i sørlig retning. Foto: Torill Refsdal Aase

Fjellentusiastar som vil ha opplevingar utanfor allfarveg, søker seg til dette spanande terrenget.

Fjellområda i Alver og Masfjorden er ikkje blant dei mest kjende, men dei som har brukt områda, ber dei med seg i hjarte og sinn. Fjellentusiastar som ønskjer opplevingar utanfor allfarveg, har også søkt dette spanande terrenget med både barske og lune kantar. Området er foreslått som nasjonalpark på grunn av særprega naturkvalitetar, villmarkspreg og elvevassdrag.

Til dette fjellområdet har strilar og fjordens folk trakka seg fram med dyr og bører i mange generasjonar. Enno ser vi heldigvis sauer på beite, og stølsmiljøa er på imponerande vis ivaretekne av nye generasjonar for rekreasjon og fritid. Her ligg Kalvedalen turisthytte, også kalla Kalvedalshytta.

Sjå video Kalvedalshytta her

Turisthytte med gode fasilitetar

Kalvedalshytta ligg ved Storevatnet på ca. 400 høgdemeter over havet. I 2019 vart hytta bygd om og modernisert. Samstundes vart det bygd ei sikringshytte. Oppgraderinga har betra hytteopphaldet, og gjestane kan finne seg plass med rom og bordsete ved vindauga mot den flotte naturen utanfor. Kring halvparten av sengene kan tingast på førehand på ut.no, slik at du kan velje deg plass før du går til hytta. Hytta har eit godt lager av proviant, så det er ikkje mykje du treng ta med for å leve godt på hytta. Lukta av nysteikte Toro-pannekaker eller nytrekt pulverkaffi eller kakao gjev ein god start på dagen. Kalvedalshytta har også bakaromn med gass, så du kan ordne deg ferske bakarvarer. Nysteikte rundstykke med meierismør og ost passer vel ikkje betre enn akkurat her?

Båt, kano og redningsvestar er blant utstyret på hytta. På Storevatnet kan du ta ein rotur, rundtur eller tur over til andre sida for å finne eit nes til å utforske eller bade. Å kunne ro har stor nytte på mange måtar.

Dugnadsfolk i Nordhordland Turlag held tilsyn og gjer lettare vedlikehald på hytta. Dugnadsarbeidet har høg trivselsfaktor, og omsorga for hytta er stor. Dugnadshelgane er populære, og det er venteliste på å få vere med på dugnadshelger. Dugnadsgruppa driv også ei eiga Facebook-side for Kalvedalen turisthytte, der du finn mange bilete og turhistoriar.

På veg ned til Kvingo. Utsyn over Austfjorden.
På veg ned til Kvingo. Utsyn over Austfjorden. Foto: Helene Ødven

Turtips til topps

Kalvedalshytta er ein god stad å vere nokre dagar og oppdage både kortreiste og langreiste turmål i nærleiken. Mange av fjelltoppane omkring har staselege toppvardar med panoramautsikt over store fjellområde, fjordar og kystlandskap.

Med Kalvedalshytta som base vil du ha god tid til å utforske både Råsefjellet, Horga, Klefjellsnipa, Storevasseggane og Tverrvassfjellet. På T-merka sti frå Kalvedalen til Andvik er det eit spennande sidesprang å gå opp til Ådenburen eller Torhåjen.  Spesielt i godt vêr kan mange turmål og fine turopplevingar sankast. Toppturane er ikkje på merka sti, men med litt kartbruk vil du greitt finne fram. Lokale turkart som Masfjordkartet byr på mykje lokal informasjon.

Turtips til seters

Stølsmiljøa og stølsvegane er kulturperler som ber med seg mykje historie. Vinteren 1944/1945 brukte Bjørn-West-geriljaen området til å søkje ly, samle og trene styrkar, og til gjennomgang til andre fjellstrøk vekk frå tyske styrkar. Dramaet og blodslitet desse kalde vinterdagane synast ikkje att i stølsområda i dag, men bak turar med nasjonalromantiske inntrykk er det eit bodskap me ikkje må gløyme.

Kalvedalshytta ligg ved eit stølsmiljø med historie tilbake til 1700-talet. Historiane frå stølstida er interessante om livet i farne tider. Setrene i Kalvedalen ligg idyllisk til ved tjørnene mellom fjella. Vil du besøkje setrar i området, må du vise omsyn til folk og dyr. Sporlaus og varsam ferdsle gjeld alle, også når du trur at ingen ser deg.

Gjelet og Storevatnet ved Kalvedalen.
Gjelet og Storevatnet ved Kalvedalen. Foto: Jane Britt Daae

Spektakulære Gjelet – ein gøymd skatt

For fem år sidan vart den gamle stølsvegen frå Sørkvingo i Masfjorden rydda fram frå kratt og trær. Stølsvegen var brukt av bønder frå nordre Lindås som frakta dyra over fjorden, oppover i Gjelet og over Storevasseggane til Kalvedalen. No kan du igjen gå opp Gjelet, stien er rydda og merka heilt til Kalvedalshytta. På startpunktet på Sørkvingo er det turparkering og eit informasjonsskilt med kart. Med ein vipps kan du enkelt betale for parkeringa.

Turen gjennom Gjelet og opp til Blådalsvatnet kan også egne seg som ettermiddags- eller dagstur. Me vil sjølvsagt oppmoda deg til å gå vidare over Storevasseggane. Kunne all slags støe beitedyr klare det, kan du òg klare det. Motbakken over Storevasseggane er ikkje så lang, og løna for strevet er utsikt over idylliske Nordkvingesetrene og nye fjell etter kvart som du går forbi tregrensa og kjem opp i høgda.

Bruk nokre dagar på Kalvedalshytta i sommar – det gjev minne for livet.

Tekst: Jane Britt Daae

Annonse