Topp nedturer på Voss

På vei opp til Bjørndalskamben, den høgaste toppen i Myrkdalen.
På vei opp til Bjørndalskamben, den høgaste toppen i Myrkdalen. Foto: Kjartan Haugen

Skal du på topptur i helgen? Her kommer Voss Utferdslags beste turtips for fine dagsturer med planke under beina.

Tekst: Toril Hunnålvatn (Voss Utferdslag)

Lette turar –  på jakt etter urørt pudder

Dei som mest av alt likar nedkøyring i urørt snø, finn eit par fine toppar tilknytt alpinanlegga, der ein kan ta skiheis høgt opp før ein tar på feller og vandrar sjarmøretappen for eiga maskin.

Frå Voss Resort kan turen til Lønahorgi (1410 moh.) bli ein slik enkel tur dersom du tek heisen til toppen av Horgaletten. Herifrå er det knappe 500 høgdemeter før du står på toppen ved Lønahorgi-masta, med eit fantastisk skue i alle retningar. Hurrungane i nordaust og Hardanger i sør. Etter ein god nistepause her kan du velje om du vil returnere same vegen du kom, eller om du kanskje vil ta turen om Storebrekkuna og Preststølen ned til Afdal. Her finn du mange fine linjer nedover fjellsida, og flott skogskøyring på slutten. Frå Afdal treng du privat transport. Ved gode snøtilhøve kan du køyre på ski i vegen ned til Tvinnefossen og hoppe på ein buss.

I Myrkdalen kjem du veldig lett til toppen Finnbunuten (1358 moh.) frå toppen av Kari Traa-trekket i Myrkdalen fjellandsby dersom du ikkje vil gå heile vegen. Ein liten times vandring frå trekket i lett terreng vestover. Også her har du nydeleg utsikt over Stølsheimen i vest og Hurrungane i aust. Også her er det mange nedkøyringsruter å velje mellom. Frå brattare til slakare terreng. Ein topptur for både fjellski og randonne.

På vei opp mot Oksen. Hardangerfjorden i bakgrunnen.
På vei opp mot Oksen. Hardangerfjorden i bakgrunnen. Foto: Kjartan Haugen

Heilt til topps for eiga maskin

Ein skikkelig topptur inneheld gjerne timar med vandring i stille landskap og ei svett ullskjorte før ein med godt samvit kan boltre seg i urørt snølandskap på veg heim.

Raundalen

Av toppar som det er verdt å vitje, er Horndalsnuten ( 1461 moh.). Eit av fjella i rekka til Raundalsryggen. Denne toppen har du rett i sikte når du kjem køyrande frå Bergen og inn i Voss sentrum. Ein fjelltopp med tilkomst i fleire himmelretningar, med dramatisk natur og gode frikøyringshøve. Ein vill og vakker sukkertopp. Ein topp med ei mengd val for nedkøyring. Vil du ha ein lengre tur, kan du forsette til enda ein flott topp i Raundalsrekkja, Skipadalsnuten (1496 moh.).

Enda litt lenger aust ligg Seldalsnuten (1548 moh.), nr. tre i Raundalsrekkja. Ein topp du kan gå til frå Voll i Raundalen eller ein litt lengre anmarsj frå Spildo i Øvre Granvin.

Har du vore oppom alle desse toppane, er det kun Olsskavlen (1576 moh.) som gjenstår for å fullføre heile Raundalsryggen. Her er det flotte turalternativ både frå Voll i nord og Ulvikahøgda frå sørsida, som begge byr på flott skikøyring og eit dramatisk terreng. 

Storanosi frå Brandset.
Storanosi frå Brandset. Foto: Kjartan Haugen

Vossestrand

Storanosi (1205 moh.) ser ikkje så stor ut på lang avstand, men kjem du nær nok, ser du at den er ganske så formidabel. Du finn Storanosi på sørsida av Oppheimsvatnet. Med toppturutstyr kan du starte turen opp frå Grindaland. På toppen har du eit praktfull utsyn og flott nedkøyring i vente. Uansett nedkøyring vil du ha fin skogkøyring siste del av turen. Du kan òg nå toppen på fjellski frå Ljosno i Brandsetdalen og Kvitno i Raundalen.

Myrkdalen

Bjørndalskamben (1402 moh.) er den høgaste toppen i Myrkdalen. Ein topp for både fjellski og toppturutstyr. Ved start frå sør kan ein parkere ved Åmotslia skisenter og starte turen herifrå, og gå mot stølsgrenda Revhaugane før ein siktar seg inn mot toppen. På toppen av Bjørndalskamben vil du ha ei storslått utsikt i alle retningar, med mange høve til flott nedkøyring. Turen tilbake via Reppaskaret i retning Solliane er snillaste ruta, og den eignar seg godt for fjellski.

Jordalen

Vardafjellet (1470 moh.). Inst i bygda Jordalen, i starten av Fresvikjordalen, ligg Vardafjellet og ruvar på austsida. Vardafjellet ligg saman med Kråkenosi og Skarsnosi og vernar om dalføret Røyrdotten.

Turen startar frå garden Nosi, over Nåselvi, og opp mot Skarsnosi. Toppen av Vardafjellet ligg litt lenger vest. Turen til Vardafjellet, Kråkenosi og Skarsnosi er eit flott utgangspunkt for ein tur vidare til Bakkanosi. Gjerne etter ei natt på toppen, under stjernehimmelen.

Mykkeltveitveten.
Mykkeltveitveten. Foto: Allan Ellard

Rundt Vangsen

På veg vestover frå Vossevangen, mot Bergen, vil du sjå Mykkeltveitveten (1131 moh.) som tronar bak Vangsvatnet. Frå Evanger kan du starte turen til veten frå jernbanestasjonen. Med eller utan ski ruslar du fyrste del på veg oppover dalen mot fjellgarden Mykkeltveit. Vidare til toppen via ryggen på nordsida av Mykkeltveitveten.

Vil du gå frå Hagen, fylgjer du gamlevegen over Hamlagrø eit stykke. Ta av til Hyljarås, vidare til Svanga og Hagen. Der er mange høve til nedkøyring under gode snøtilhøve, og turen byr på både reine fjellsider og skogskøyring.

Oppsummering

Turane til toppane rundt omkring i Voss byr på mange herlege naturopplevingar og flott skikøyring. Valet av trase både opp og ned må likevel alltid vurderast nøye i forhold til tryggleik. For meir informasjon om dei omtalte toppane og lokale forhold, ta gjerne kontakt med Voss Utferdslag. Me tilrår elles boka «Toppturar i Vossafjell – 50 eventyrlege skiturar frå Voss», av Øyvind Birkeland.

Toppturbygda Voss byr på nok toppar til å fylle ein vinter eller to for aktive toppturentusiastar!

Velkomen!

Herlig nedtur frå Horndalsnuten.
Herlig nedtur frå Horndalsnuten. Foto: Allan Ellard

Annonse