Månadens turtips!

Kyrkja, til høgre, speglar seg på eit islagt vatn ved Leirvassbu.
Kyrkja, til høgre, speglar seg på eit islagt vatn ved Leirvassbu. Foto: Laila Brattebø

Bergen og Hordaland Turlag inviterer deg og dine kollegaer på tur. Fyll in rabattkode i felt for medlemsnummer ved påmelding. All påmelding må gjerast gjennom våre nettsider.

19.–22. august: Fine Toppturar gjennom hjartet av Jotunheimen                

Drøymer du om ein tur til høge fjell og vakre toppar? På denne turen får du med heile tre toppar over 2000 m midt i Jotunheimen. Dette er fine toppturar til verkeleg majestetiske tindar; Kyrkja, Snøholstinden og Mjølkedalstinden. Ein tur som ikkje krev teknisk klatring men svært god form og sans for luftige klyv. Påmelding og meir informasjon om turen her. Pris: 2425 kroner (med rabattkode). NB! Få plassar igjen.

12. juli: Byfjellstrimmen: Lyderhorn rundt

Saman med inspirerande turleiarar får du fine naturopplevingar i nærområda våre. I tillegg får du god trim, turtips og nye turvenner. Rute: Vestkanten -  Sildaberget - Skarpafjellet - små-Lyderhorn - Lyderhorn - Skjenafjellet - Skåleviksvatnet - Nedreberglien - Vestkanten. Meir informasjon om turen her. Turane i byfjellstrimmen er gratis for alle og krevjer inga påmelding.

Tritur med Bergen Turlag til Lyderhorn, Bergens vestligste byfjell.
Tritur med Bergen Turlag til Lyderhorn, Bergens vestligste byfjell.

21. august: Kvitanosi

Kvitanosi (1433 moh) er det høgste fjellet i Stølsheimen. Her er det mektig utsyn til Jostedalsbreen, Folgefonna, Fresvikbreen og Hardangerjøkulen. Dette er ein tur fra Gullbrå øvst i Eksingedalen med rundtur til utgangspuktet. Påmelding og meir informasjon om turen her. Pris: 495 kroner (med rabattkode).

18. august: Utsikt fra Kvitanosi mot nord
18. august: Utsikt fra Kvitanosi mot nord Foto: Bjørnar Sørensen