Nei til vindkraft i verdifulle natur- og friluftslivsområde

Støttemarsj mot vindkraft i urørt natur, på Fløysletten mai 2019
Støttemarsj mot vindkraft i urørt natur, på Fløysletten mai 2019 Foto: Hild Fjermestad Aase

Det er viktig med omstilling til eit klimavenleg og berekraftig samfunn, men å øydelegge verdfull norsk natur er ikkje vegen å gå.

Det hastar å stanse tapet av natur. Vi vil ta vare på naturen for generasjonane som kjem etter oss, slik at også dei kan få naturopplevingar for livet. Det er viktig med omstilling til eit klimavenleg og berekraftig samfunn, men å øydelegge verdfull norsk natur er ikkje vegen å gå. Vi oppmodar til å velgje dei mest effektive klimatiltaka, med minst mogleg naturøydelegging. Potensialet
for å redusera klimautslepp utan å beslaglegge nye naturområde er stort. Ein må satsa langt meir på energieffektivisering og -sparing. Eksisterande vasskraftverk må rustast opp og myndigheitene si satsing på andre fornybare energiformer må trappast opp. Det må leggast mykje meir vekt på natur- og friluftslivsomsyn i sakshandsaminga når nye prosjekt skal godkjennast.

Fem utfordringar med vindkraft

Landskap: Vindkraft er svært arealkrevjande og medfører stort tap av urørt natur og viktige friluftsområde. Dette er særskild uheldig då det er under 12% villmarksprega natur igjen i Norge. Dei mest effektive turbinane er 250 meter høge og kan sjåast frå over 50 kilometers avstand. Kvar turbin krev oppstillingsplass på storleik med ei halv fotballbane og om lag 800 meter anleggsveg. Dette medfører sprenging, planering og fylling som gjer uoppretteleg skade i terrenget.

Dyreliv: Dei aller fleste vindkraftanlegga lokaliserast i naturområde med mange truga artar. Arealinngrepa på bakken fortrenger andre dyr og øydelegg beiteområda til blant anna rein. Fyllingar og skjeringar i terrenget er til hinder for ferdsel for både dyr og menneske. Rotorane er opptil 75 meter lange og dreiar med opptil 300 km/t på vingetuppen. Dette er ein stor trugsel mot fuglar. Alt i frå småfugl til ørn og hubro vert drepne av rotorane. I tillegg kan fuglane kollidere i sjølve masta.

Støy og lys: Turbinane lagar lyd opp mot 110 desibel. Mykje av støyen er lågfrekvent lyd som bærer svært langt. Dette kan vere skadeleg for både menneske og dyreliv. Grunna flysikkerheit må turbinane ha varsellys i form av høgintensitetslys om dagen og blinkande raude lys om natta. Dette kan forvirre fuglar og insekt om natta.

Økonomi: Private selskap (ofte utanlandske) kjøper opp vindkraftverka og tar ut profitten. Norske straumbrukarar har aldri fått noka oversikt over dei totale ekstrakostnadane vindkrafta medfører for dei som forbrukararar. Eventuell kompensasjon for tapt terreng i kommunane vil aldri kunne erstatte dei varige skadane i naturen.

Klima: Mange tenker at vindkraft er grøn energi som ikkje frigjev klimagassar og er eit godt alternativ til fossil energi. Men anleggsarbeidet, nedbygging av myr, og øydelegging av biologisk mangfald kan vere minst like skadeleg for naturen som klimagassar. Noreg er allereie sjølvforsynt med grøn energi frå vasskraft, og transport av vindkraftenergi til Europa vil krevje ytterlegare nedbygging av natur for å opprette nye kraftnett og fleire oversjøiske kablar. I tillegg krev den ustabile vindkrafta balanse frå vasskrafta, noko som medfører skadeleg effektkøyring i vassdraga. Vindturbinar forbrukar og store mengder sjeldne metall som vert produsert under graverande miljøforhald i Kina.

Midtfjellet Vindkraftpark på Fitjar.
Midtfjellet Vindkraftpark på Fitjar. Foto: André Marton Pedersen

Krav til vindkraftmeldinga

Vindkraftsaker må handsamast lokalt gjennom plan- og bygningslova: Plan- og bygningslova er det beste rammeverket til å sikre lokal forankring, grundige miljøutgreiingar og ein demokratisk planprosess i vindkraftsaker. Fylkesmannen og andre relevante instansar vil då ha motsegnsmynde i tilfelle der kommunen ikkje gjer dei naudsynte avvegingane til regionale og nasjonale omsyn. Alternativt må medverknadsprinsipp i plan og bygningslova i større grad bli lagt til grunn i planleggingsprosessen for vindkraftutbygging, og Fylkesmannen må få ansvar for utgreiingstema innan miljø.

Demokrati og medverknad: Kommunen, innbyggarar og interesseorganisasjonar må bli tidleg varsla når utbyggjar startar sondering i eit område. Det må leggast til rette for at det gjerast lokale vurderingar med god involvering av befolkninga og lokale foreiningar, for å sikre ivaretaking av lokale og regionale verdiar knytt til natur og friluftsliv.

Tidleg avslag: All urørt og inngrepsfri natur, samt verdfulle friluftslivsområde som bymarker og byfjell, og det sentrale hytte- og rutenettet for friluftslivet må vernast mot vindkraftutbygging. Det må innførast ein rettsleg heimel for å gje tidleg avslag til vindkraft-prosjekt som råkar viktige natur- og friluftslivsverdiar. Kriteria for tidleg avslag må bygge på oppdatert kunnskapsgrunnlag.

Føre-var-prinsippet må leggast til grunn i handsaminga: Naturmangfaldlova § 9 (føre-var-prinsippet) må i mykje større grad enn i dag leggast til grunn i handsaming av vindkraftløyver og konsesjonar. Vi kan ikkje bygge ut område vi ikkje kjenner verdien av.

Kunnskapsgrunnlaget må styrkast: Kunnskapsgrunnlaget om verdifulle natur- og friluftsområde og konsekvensar av vindkraftanlegg må styrkast, jamfør tidlegare innspel til nasjonal ramme.

Ny miljøutgreing av tildelte konsesjonar: Tildelte vindkraftkonsesjonar må gjennomgå ei ny miljøfagleg utgreiing, og konsesjonar som er gjevne på faglig svakt grunnlag må trekkast tilbake eller takast opp til ny vurdering.

Tilbaketrekking av konsesjon: Det bør innførast ein rettsleg heimel for å trekke tilbake ein konsesjon, dersom det framkjem ny kunnskap om verknader for natur og friluftsliv av vesentleg betydning, som ikkje var kjent då konsesjonen vart tildelt.

Fakta om vindkraftanlegg

- Dei største vindturbinene er opp til 250 meter høge og kan sjåast frå minst 50 kilometers avstand.

- Det bygges ca 800 meter anleggsvei pr. vindturbin.

- Foran kvar turbin byggjes det ein oppstillingsplass på størrelse med ein halv fotballbane.

- Irreversible naturinngrep med store sprengningar i terrenget.

-  Støyplage, monsterturbinene gir opp mot 110 dB.

- Private selskaper (ofte utenlandske) tar ut profitten.

- Digre vindkraftturbiner og veianlegg skader dyrelivet.

- Tap av urørt natur. Det er under 12% villmarkspreget natur igjen i Norge.

- Vindkraft er svært arealkrevjande og utgjør store industrianlegg.

- Farlige iskast frå turbinbladene vinterstid.

- Mange av de høge vindkraftturbinene har blinkende lys pga flysikkerhet. Dette sjåas frå veldig lang avstand.

- Tap av verdifulle turområde.

Egersund vindkraftverk
Egersund vindkraftverk Foto: Nicolas Rodriguez

Se vindkraftvideo her

Har du innspill eller spørsmål? Kontakt daglig leder i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven. Tlf: 98249808. E-post: helene.odven@dnt.no.

Sjå bilete frå Tellenes vindskraftverk her

Annonse