Gretne gubbar på tur i Stølsheimen

Fellestur

Fra dato
14. september kl. 08:00
Til dato
15. september
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hyttetur, Stølsheimen, Gubbar
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland, Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Gretne gubbar kan vel også komme seg på tur - kva med to dagar i Stølsheimen?

Me reiser opp Modalen til Åsabotn. Rett inn i den vakre fjellheimen, barsk, vill og vakker. Til å grine av. Med tunge steg over fjell og hamrar vil me etter ca. 3,5 timars tur komme til Norddalshytta. Ein solid middag og dessert med fett, karbo og gluten vil kanskje gjere gubbane meir velvillige, spesielt viss alle godsakene kjem fram som planlagt. Me får sjå. Snorking, snøfting og skravling kan skje. Det er ikkje anna grunn enn å klaga. På søndag lyt me vel gå tilbake til der me starta. 

Dato: Laurdag 14. september - søndag 15. september 2019

Oppmøte: Ostereide, Rema 1000, kl. 10.00

Pris: Kr 550,- for medlemar i DNT, og kr 850,- for ikkje-medlemar i DNT. I turavgifta er det inkludert overnatting på Norddalshytta, felles middag, proviantuttak på hytta (kaffi, pålegg, smør, graut osb), egg og bacon til frokost, turleiing. Transport til Åsebotn, godt humør og niste til lørdag og søndag er ikkje inkludert.

Ja, du må melde deg på - her på nettet, oppet til høgre på denne sida.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen.

Om DNT sin standard for gradering av turar.

Gretne gubbar på tur i Stølsheimen

Gretne gubbar kan vel også komme seg på tur - kva med to dagar i Stølsheimen? Me reiser opp Modalen til Åsabotn. Rett inn i den vakre fjellheimen, barsk, vill og vakker. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Arild Kleiveland
  • Kjell Ove Thorseth

Annonse