Høgast i Vaksdal

Fellestur

Dato
24. august kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Har du enno ikkje vore på Vaksdals høgaste topp? Då har du sjangsen no! Skjerjavasshovden ligg på 1264 moh midt i smørauget mellom Eksingedalen, Modalen og Stølsheimen. På toppen har ein vidt utsyn over store delar av fylket!

Oppmøtestad er Trefall i Eksingedalen kl 11.00. Hit lyt ein køyra eigen bil, eller ta kontakt med turlaget viss ein treng skyss. Herifrå organiserer vi transport vidare på anleggsvei inn til Beinhelleren.Turen startar i sørenden av Beinhellervatnet på 700 moh, og går i frodig terreng i relativt jamn stigning opp til Belaskaret på omkring 1100 moh. Her har ein god utsikt til toppen, men ein må først ned og krysse Lonevågsdalen før ein startar oppstigninga. Etter ein litt bratt start slakar det fint ut mot toppunktet i eit fasinerande steinterreng. Like nedom den flotte steinvarden på toppen høver det godt med ein kvil og ein god matbit før vi går same veg ned att til Beinhelleren. Turen tar omlag 4-5 timar tur/retur. Totalt er det ca 10 km og ein samla stigning på nesten 1000 høgdemeter.

Ein må ha gode sko og kle seg etter vêrtilhøva, eit ekstra skift i sekken er å anbefale. Turen har ingen spesielt vanskelege eller luftige parti, men ein bør vere i grei turform.

Høgast i Vaksdal

Har du enno ikkje vore på Vaksdals høgaste topp? Då har du sjangsen no! Skjerjavasshovden ligg på 1264 moh midt i smørauget mellom Eksingedalen, Modalen og Stølsheimen. På toppen har ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Elizabeth Gjessing

Annonse