Krokavatnet og Harafjellet

Fellestur

Dato
19. mai kl. 10:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Oppmøte ved Dalegården nord (ved Dale bil) kl 10.00.

Turen startar ganske brutalt, der stien slynger seg bratt opp gjennom granskogen ca 500 høgdemeter på 1,5km. Når den brattaste delen er unnagjort, går vi langs skråninga innover mot dalbotnen, her kan stien bli litt utydeleg enkelte plassar. Inne ved dalbotnet tar vi lett venstre og går dei siste høgdemetrane mot Krokavatnet, som ligg på 660moh.

Etter ein god matpause går me vidare mot Harafjellet, som er turen sitt høgaste punkt på ca 750 moh, me passerer toppen så vidt på venstre side. Frå Harafjellet går turen stort sett i underbakke til me er nede igjen ved E16 rett over veien for Dale ungdomskule.

Totalt er turen på omlag 10 kilometer og 750 høgdemeter, og vi reknar med å bruke 6-7 timar inludert pausar.

Det er eit stygt punkt på turen når me må krysse E16, følg derfor nøye med på turleiarane når me skal over vegen.

Krokavatnet og Harafjellet

Oppmøte ved Dalegården nord (ved Dale bil) kl 10.00. Turen startar ganske brutalt, der stien slynger seg bratt opp gjennom granskogen ca 500 høgdemeter på 1,5km. Når den brattaste delen er unnagjort, går ...

Kontaktinformasjon:

  • Arild Sellevold Soltvedt
  • Tlf. 95156212

Turleder:

  • Arild Soltvedt

Annonse