Seniortur - Nonshaug, Omvikdalen

Fellestur

Dato
19. juni kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Turen går på traktorveg frå Ripel opp til enden av Bergalivegen, ca. 330 moh.
Der tek vi ein pause,  og skriv oss inn i boka til Omvikdalen idrettslag.
Vidare går vi på bratt sti til Krukestøl 650 moh.

Etter ein god pause ved elva som renn frå Krukestølsvatnet, går vi siste etappen opp til varden på Nonshaug 810 moh.  Her får vi god utsikt over Omvikdalen, mot Rosendal, Varaldsøy, Hatlestrand osv.
På tilbakevegen kan vi ta ein tur bortom inntaksdammen til Okserelva Kraftverk, som ligg øvst i Bergali.

Høgdeskilnad: 760 meter, turlengde: 6 km, tidsbruk ca 5 timar + pausar.
På grunn av at vi skal noko høgt opp, er turen merka RAUD (krevande).

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Ved ungdomshuset Dalheim kl. 10:00.
  • Turkarakter:  RAUD - Krevande tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Solveig Sandvik og Helen Sandvik Røssland

 

Seniortur - Nonshaug, Omvikdalen

Turen går på traktorveg frå Ripel opp til enden av Bergalivegen, ca. 330 moh. Der tek vi ein pause,  og skriv oss inn i boka til Omvikdalen idrettslag. Vidare går ...

Kontaktinformasjon:

  • Solveig Sandvik
  • Tlf. 416 91 324

Turledere:

  • Helen Sandvik Røssland
  • Solveig Sandvik

Annonse