Seniortur - Sandvinstølen, Odda

Fellestur

Dato
16. oktober kl. 09:15 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


NB: I turprogrammet TA TUREN 2019 står det turdato 2. oktober.
         Etter at programmet vart trykt, er turen flytta til 16. oktober

Ved frammøte i Rosendal samordnar vi transporten vidare til Odda.

Vi køyrer til Sandvin, i sørenden av Sandvinsvatnet, ca. 5 km sør for Odda.
Vi går på stø og god, men nokså bratt sti (buføreveg), opp lia på veststsida av Sandvinsgardane. Dei har truleg den best bevarte stølsvegen i Odda kommune, med mektig utsyn mot Sandvinsvatnet, Sørfjorden og fjellsida med Rossnos (1401 moh.) og den flotte Tjørnedalsfossen på andre sida av dalen.

Det er omlag 2 timar gange opp 500 høgdemeter til heimste stølen, Lauvås.
Dette er ein idyllisk støl med grøne vollar og fleire sel og hytter heilt på grensa til nasjonalparken.

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09:15
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Hermund Fenne og Helen Sandvik Røssland

 

Seniortur - Sandvinstølen, Odda

NB: I turprogrammet TA TUREN 2019 står det turdato 2. oktober.          Etter at programmet vart trykt, er turen flytta til 16. oktober Ved frammøte i Rosendal samordnar ...

Kontaktinformasjon:

  • Hermund Fenne
  • Tlf. 917 03 488

Turledere:

  • Hermund Fenne
  • Helen Sandvik Røssland

Annonse