Kyrkjevegen; Foldnes kyrkje - Hjelteryggen med tur ut til Ørnnipa.

Fellestur

Dato
15. januar 2020 kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Som vanleg vert det oppmøte på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

Bur du på Little Sotra så kan du denne gang møte på parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje.

Velkommen til nytt turår!

Vi startar turåret med ein enkel tur på grusveg frå Foldnes kyrkje mot Hjelteryggen. Det er vinter, men er føre bra så tek vi ein avstikkar til Ørnnipa på natursti.

Men først grusvegen. Når vi har gått opp den første lange bratte bakken forbi vannposten, steinbordet med benk og litt til bortover flaten så går vi av Kyrkjevegen på vestsida. Då vert det å gå på natursti. Ved mykje regn vert det våte parti i stien. Ute på Ørnnipa vel 100 m.o.h. er det fritt, og fin utsikt i fleire retningar. Kanskje kan vi ha matpause her om ver og vind tillet det.

Vi går så den same stien tilbake til Kyrkjevegen og vidare til Hjelteryggen. Deretter retur 2,6 km tilbake til parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje på grusveg.

Hugs ta med mat og drikke. Kle og sko deg etter slik veret er denne dagen. Om vinteren er det greit å ha broddar med i sekken så er dei lett tilgjeneleg om det er isete og glatt.

Velkommen på tur!

 

Generelle vilkår for Fjell Turlag er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Kyrkjevegen; Foldnes kyrkje - Hjelteryggen med tur ut til Ørnnipa.

Som vanleg vert det oppmøte på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30. Bur du på Little Sotra så kan du denne gang møte på parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje. Velkommen ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Ove Foldnes

Annonse