Stølar på Stamnes

Fellestur

Dato
14. juni kl. 11:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Oppmøtestad: Øyane på Stamnes kl. 11.00. Ta av mot Hesjedalen mellom Straume og Stamnes.

Turskildring: Me startar i Øyane på Stamnes, der me følgjer skogsveg og sti opp til Hesjedalstølen. På veg opp Øyadalen passerer me Tressvatnet og Bygdehytta, før me går den bratte stien opp Brattebrekka og innover mot Hesjedalstølen. Me et nista vår ved stølane og nyt den idylliske stølsamlinga, før me går langs Hesjedalsvatnet og ned mot Øyastølen. Vidare når me Gavastølen og Osen. Me klatrar ned Osen og kjem attende til Øyadalen mot Øyane. Totalt er turen på 8-9 kilometer og omlag 500 meter stigning. Vi reknar å bruke ca. 4-5 timar med pausar. Enkelte strekker er bratte, men ikjke spesielt luftige.

Utstyr/klede: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein lett dagstursekk med:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Ekstra skift med ullundertøy
  • Sokker med mye ull og god passform
  • Fleecejakke eller tynn varmejakke
  • Lue
  • Ullvotter eller andre vanter/votter som er varme selv når de er våte
  • Litt toalettpapir i pose
  • Solbriller og solkrem
  • Liten kniv
  • Fyrstikker/lighter
  • Mat/godteri for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
  • Sitteunderlag

Det er ikkje naudsynt med påmelding, men ta gjerne kontakt med turleiar dersom du har spørmål om turen.

Vel møtt!

Stølar på Stamnes

Oppmøtestad: Øyane på Stamnes kl. 11.00. Ta av mot Hesjedalen mellom Straume og Stamnes. Turskildring: Me startar i Øyane på Stamnes, der me følgjer skogsveg og sti opp til Hesjedalstølen. ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Sigrunn Stamnes Vik