Kjerringfjellet i Bergsdalen

Fellestur

Dato
15. august kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fellestur
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Bli med til toppen av Bergsdalens eigen "Hårteig"! 

Kjerringfjellet kneisar 1066 moh og har vidt utsyn i alle himmelretningar.

Oppmøtestad og tid: Vi møtast i tunet til Ingar Vatne (Moseheia 12) på Berge i Bergsdalen kl 11.00. 

Turskildring: Turen startar på Berge og går opp via Øykjabotnen før me kryssar Kyrkjedalen. Me passerer Storavatnet på sørsida før me tar oss opp på framsida av Kjerringfjellet. Bratt og litt på kryss og tvers, men heilt ufarleg. Me går ned igjen på nordsida, der er bratt i starten også her, ned i Grøndalen og ned i Bukkatødna.  Videre følger me god sti derfrå til Hatlestad. Me følger asfalten tilbake til Berge, ca 1km.

Me reknar ca 6 timar på heile turen som er gradert til øvre sjikt av middels.

Utstyr/klede: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein lett dagstursekk med:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Ekstra skift med ullundertøy
  • Sokker med mye ull og god passform
  • Fleecejakke eller tynn varmejakke
  • Lue
  • Ullvotter eller andre vanter/votter som er varme selv når de er våte
  • Litt toalettpapir i pose
  • Solbriller og solkrem
  • Liten kniv
  • Fyrstikker/lighter
  • Mat/godteri for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
  • Sitteunderlag

Det er naudsynt med påmelding. Ta gjerne kontakt med turleiar dersom du har spørmål om turen.

Vel møtt!

Kjerringfjellet i Bergsdalen

Bli med til toppen av Bergsdalens eigen "Hårteig"!  Kjerringfjellet kneisar 1066 moh og har vidt utsyn i alle himmelretningar. Oppmøtestad og tid: Vi møtast i tunet til Ingar Vatne (Moseheia ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Arild Soltvedt