Vaksdalsfjella i haustskrud

Fellestur

Dato
26. september kl. 09:30 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fellestur
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Bli med Vaksdal turlag på topptur i Vaksdalsfjella! Om været er på vår side venter ein spektakulær utsikt både mot bre og hav!

Turen startar ved Vaksdal kyrkje. Oppmøte kl 9.30. Det går tog frå Bergen kl 08.39, som er på Vaksdal kl 09.04. 

Frå Vaksdal kyrkje startar turen bratt opp gjennom granskogen. Etter 500 meter med bratt terreng blir det litt lettare å gå. Etter ca 2 km og 600 høgdemeter kjem me til Bogafjellet. Turen går så vidare i lett, samt litt brattare terreng mot Blåfjellet. Me går østsida langs Krossatjørnane på Blåfjellet til me kjem til 4ar-Varden. Her tar me ein god matpause og nyt utsikten. Etter å ha fått i oss litt energi går me vidare opp mot Storafjellet som ligg på 950 meter og er turens høgaste punkt. Frå Storafjellet går me ned i Vassdalen, vidare sør for Fossavatnet, og ned den spektakulære fossen. Herifrå fylgjer me stien ned til Lonane før me etter kvart kjem inn på T-merka sti som tar oss ned i Herfindalen. De siste 6 km frå Herfindalen til Vaksdal stasjon går på grusvei og asfalt. 

Sjølv om turen ikkje går i det mest krevjande terrenget, er det ein lang tur, og berre siste del av den er på merka sti. Det er ingen spesielt luftige parti eller krevjande klatring på turen, men ned frå Storafjellet til Smørtjørna er det litt bratt og ulendt.

Totalt er turen på omlag 16 kilometer, og 900 høgdemeter. Ein må rekne omlag 8,5 timar på turen.

Retur med tog frå Vaksdal til Bergen kl 19.26. 

Utstyr/klede: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein lett dagstursekk med:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Ekstra skift med ullundertøy
  • Sokkar med mykje ull og god passform
  • Fleecejakke/ullgenser
  • Lue
  • Ullvottar eller andre vottar som er varme sjølv når dei er våte
  • Litt toalettpapir i pose
  • Solbriller og solkrem
  • Liten kniv
  • Fyrstikker/lighter
  • Mat/godteri for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
  • Sitteunderlag

Det er ikkje naudsynt med påmelding, men ta gjerne kontakt med turleiar dersom du har spørmål om turen.

Ved dårlig vær kan turen bli noko forkorta! 

Vel møtt!

 

Vaksdalsfjella i haustskrud

Bli med Vaksdal turlag på topptur i Vaksdalsfjella! Om været er på vår side venter ein spektakulær utsikt både mot bre og hav! Turen startar ved Vaksdal kyrkje. Oppmøte kl ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Nina Toskedal
  • Maren Amanda Hesjedal Thorkildsen