Seniortur - Halsnøy, Toftåsen rundt

Fellestur

Dato
18. mars kl. 10:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Turen startar frå Zoar bedehus. Kjem du frå fastlandet, tek du til høgre i rundkøyringa etter tunellen, og deretter første avkøyrsla til høgre. 

Frå Zoar går vi ned til Toftevågen som har lange tradisjonar for handel og fiske.
I ei myr på Bunes fann dei i 1896 "Toftebåten" / "Halsnøybåten" som er datert til år 400 e.Kr., og dermed ein av dei eldste båtane som er funne i landet.
I 2009 vart den etter initiativ frå Johannes G. Eide rekonstruert i full skala av båtbyggjar Knut Sørnes.

Frå Toftevågen går vi til Nordrevågen mot steindeponiet på veg, og deretter over på sti og traktorveg til Øysteinsvik. Derfrå vidare rundt Storemyr opp til toppen av Toftåsen, 195 moh.
Etter ein matpause går vi på skogsveg ned til Zoar.

Deler av turen går på fuktig underlag, så vi tilrår at deltakarane brukar gode sko.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Zoar bedehus kl. 10:00 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Kjell Ivar Bjørgen og Jan Martin Skaaluren
  • Vandringa:
    • Distanse: 8 km
    • Høgdeskilnad: 190 meter
    • Tidsbruk: 3 timar + pausar.

 

Seniortur - Halsnøy, Toftåsen rundt

Turen startar frå Zoar bedehus. Kjem du frå fastlandet, tek du til høgre i rundkøyringa etter tunellen, og deretter første avkøyrsla til høgre.  Frå Zoar går vi ned til Toftevågen som ...

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Ivar Bjørgen
  • Tlf. 959 74 654

Turledere:

  • Kjell Ivar Bjørgen
  • Jan Martin Skaaluren