Storefossen - Blåkupo - Helle

Fellestur

Dato
7. august kl. 11:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Blåkupo ligg som ein vakker løyndom midt mellom Helle, Dale og Bergsdalen omlag 700 moh. På denne turen går vi i eit vakkert og variert terreng frå Storefossen over Flatafjellet og Møyadalsnubben ned til Blåkupo, og vidare til Helle via dei idylliske stølane på Hellesætre og Vatnastølen.

Kupe betyr skål eller kule, og det er ikkje vanskeleg å skjøne opphavet når ein står ved bredden av Blåfjellsvatnet og tar naturfenomenet i augesyn. Blåfjellsvatnet er nærmast sirkelforma, og omkransa av bratte fjellsider. På vegen vil vi og gå forbi den noko mindre Gråsidkupo.

Oppmøtestad og tid: Vi møtast ved Storefossen (demningen på toppen av Bergsdalsvegen) kl 1100, her er det mogeleg å parke. Frå Bergen kan du ta tog kl 09.59 som er framme på Dale kl 10.41. Her kan du avtale å bli henta dersom du tar kontakt med turleiar i forkant.

Turskildring: Vi går over demningen på Storefossen og følgjer stien bratt oppover Øyaskaret. Her kjem vi opp på Flatafjellet, som ber namnet med rette, før vi passerer rundt både Møyadalsnubben og Storafjellet på veg ned mot Blåkupo. Det blir ein god rast her, og høve til å bade i kupo for dei som vil!

Mette og utkvilte går turen vidare vestover og nedover mot Gråsidevatet og Holmavatnet som vi passerer på nordsida. Like etter vi har runda Holmavatnet ser vi idyllen på Vatnastølen som ligg omlag 500 moh, og her i frå vandrar vi i lett terreng ned til Hellesætra og vidare på god og tilrettelagt sti ned til grusveg som vi følgjer ned til Helle. Totalt er turen på 12-13 kilometer og 500 høgdemeter, det er god sti det meste av vegen, men terrenget er noko krevjande, så ein børe vere i grei turform for å legge i veg. Totalt må ein rekne 6-7 timar på turen.

Utstyr/klede: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein lett dagstursekk med:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Ekstra skift med ullundertøy
  • Sokker med mye ull og god passform
  • Fleecejakke eller tynn varmejakke
  • Lue
  • Ullvotter eller andre vanter/votter som er varme selv når de er våte
  • Litt toalettpapir i pose
  • Solbriller og solkrem
  • Liten kniv
  • Fyrstikker/lighter
  • Mat/godteri for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
  • Sitteunderlag

Det er ikkje naudsynt med påmelding, men ta gjerne kontakt med turleiar dersom du har spørmål om turen. Betaling for eventuell skyss skjer etter avtale direkte til sjåfør.

Vel møtt!

Storefossen - Blåkupo - Helle

Blåkupo ligg som ein vakker løyndom midt mellom Helle, Dale og Bergsdalen omlag 700 moh. På denne turen går vi i eit vakkert og variert terreng frå Storefossen over Flatafjellet og ...

Kontaktinformasjon:

  • Roger Sandvik
  • Tlf. 92098605

Turledere:

  • Roger Sandvik
  • Frode Aschehoug