Seinsommerhelg på Breidablik

Fellestur

Fra dato
21. august kl. 09:00
Til dato
22. august kl. 16:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag


Dato: 21.-22. august

Seinsommerhelg på Breidablik

Opplev eventyrlige Breidablik og topptur til Skrott og Geitafjellet med Vaksdal Turlag! 

Oppmøtested: Dalehallen
Oppmøtetidspunkt: 09.00
Avreise: Kl 09.15. Me kjører privatbiler til Hamlagrø. Gi beskjed ved påmelding om du kan kjøre og kor mange du har plass til. 

Turbeskrivelse
 

Dag1: Turen starter på Hamlagrøosen. Me går flatt innover til Lii før me tar fatt på ei lita oppstigning. Vidare går me i lett kupert terreng innover mot Solheimdalen. Me fylgjer stort sett T-merka sti, men vil også gå eit stykke på umerka sti. Når me har passert Solheimdalsvatnet begynner stigninga for alvor, då me tar fatt på de berykta "Glyntabakkane". Her skal ein opp 250 høgdemeter fordelt på ca 1 km. Til gjengjeld ser ein hytta når ein er komme på toppen, og de er berre sjarmøretappen att før ein er framme. Dagens etappe er på ca 8,5 km og ca 500 høgdemeter, som nevnt de siste 250 høgdemetrane tar me i eit javs på siste del av turen. Me tar gode pauser undervegs. 

Etter innlosjering og middag i hytta, blir det topptur til Skrott for de som ynskjer. Er været fint kan me nyte ein fantastisk utsikt til fjord og bre. 


Dag 2: Etter frukost smør me niste før me tar utvask og startar me på returen til Hamlagrø. Dersom det er vær til det går me tilbake over Geitafjellet og kjem ned i Tjørnadalen før me går vidare ned til Søre Hamlagrø. Herifrå  fylgjer me stien langs Hamlagrøvatnet tilbake til bilen. På denne turen må me opp 150 høgdemeter før me fylgjer ryggen over mektige Geitafjellet med ein fantastisk utsikt heile veien. Me legg opp til eit bad eller to på veien. Ingenting er vel som eit friskt fjellbad? Også i dag tar me oss tid til gode pauser underveis. Denne ruta er på drøye 11 km, der de siste 5 kilometrane går langs Hamlagrøvatnet. Frå Geitafjellet på 1255 moh skal me ned 650 høydemeter til Hamlagrøvatnet. Alternativ rute ved dårlig vær/ tjukk skodde går via Tulledalen til idylliske Søre Hamlagrø. Turen går i lett kupert terreng og nedoverbakke. Denne ruta er på drøye 10 km. Me skal ned 500 høgdemeter fordelt på de 5 fyrste kilometrane. De 5 siste kilometrane går på sti langs Hamlagrøvatnet. 

Mat: Det er proviantlager på hytta, så me lager felles middag ut frå dette lørdag. Det er inkludert i prisen. Her er det også diverse pålegg og knekkebrød. Ynskjer du anna brødmat må du sjølv ta dette med deg. Ta med snacks og drikke etter eige ynskje. 

Hjemreise:Ein rekner med å være tilbake på Hamlagrøosen til kl 16. 

UtstyrSe utstyrsliste for sommerfjellet 

Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein sekk med:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Ekstra skift med ullundertøy
  • Sokkar med mykje ull og god passform
  • Fleecejakke/ullgenser
  • Lue
  • Ullvottar eller andre vottar som er varme sjølv når dei er våte
  • Litt toalettpapir i pose
  • Solbriller og solkrem
  • Liten kniv
  • Fyrstikker/lighter
  • Mat/godteri for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
  • Sitteunderlag
  • Lakenpose eller sovepose til overnatting i hytta
  • Nødvendige toalettsaker


Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr 500 ,- for medlemmer, kr 750 ,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. 
Kart: Kart og turutstyr kan kjøpes i tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. På denne turen bruker me kartet Voss- Bergsdalen.

Gradering: Krevande

Turledere: Maren Thorkildsen

Spørsmål? har du spørsmål kontakt Vaksdal Turlag

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Maren Amanda Hesjedal Thorkildsen