Kveldsmattur til gapahuken på Tunheim

Dette arrangementet er over!

Pakk kveldsen i sekken eller kansje de heller tar ein sein middag?

Oppmøte: 

Me møtes på parkeringa i barnehagen. 

Turen:

 Me går frå barnehagen, og opp forbi speidarhuset og fortsett opp traktorvegen til me kjem i skogsvegen. Her ifrå går me til gapahuken. Me fyrer i bålpanna om nokon har med bålmat.

Me tar samme vegen ned igjen, men om nokon ynskjer kan dei ta traktorvegen ned. Turen blir omlag 1,5 time.

Foreldre har sjølv ansvar for sine born, turleiar har med born sjølv.

Smittevern:

Ulvik Turlag forheld seg til ei kvar tid til dei smittevernsråda som gjeld.

Det vil seia m.a. at alle turar har påmelding for å kunna hjelpa til ved ei evt. smittesporing.

Ein skal heller ikkje delta på turane våre om ein har nyoppståtte luftvegsplager. Vaksne skal minimum halde 1 meter avstand, born frå samme kohort kan vera samand, og alle vaskar hender før mat.

Ta med:

- Klede etter vêret

- Noko å sitja på

- Handdesinfeksjon

- og sjølvsagt mat og drikke

 

Vel møtt!

 

Kveldsmattur til gapahuken på Tunheim

Pakk kveldsen i sekken eller kansje de heller tar ein sein middag? Oppmøte:  Me møtes på parkeringa i barnehagen.  Turen:  Me går frå barnehagen, og opp forbi speidarhuset og fortsett opp traktorvegen ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Hilde Underdal