Snøholetur med DNT ung (14-19 år)

Fellestur

Fra dato
25. februar kl. 15:00
Til dato
27. februar kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Fellestur, Skitur, Snøhule, Ski, Snøhuletur, Taco, Kos, Konkurranse
Arrangører
DNT ung Bergen, Bergen og Hordaland Turlag
Turkode
507
Dette arrangementet er over!

Har du lyst til å tilbringe ei vinternatt under snøen? Bli med DNTung Bergen på snøholetur til Gullhorgabu 25. -27. februar!

Oppmøte: Bergen bystasjon

Litt om turen:
Fredag: Vi køyrer fellesbuss frå bystasjonen klokka 15:00 opp til Småbrekkene i Bergsdalen, her spenner vi på oss skia og hiv sekkane på ryggen. Turen inn til Gullhorgabu er ikkje lang, men vi må rekne med å gå i mørkre, så ha med hovudlykt! Vel framme diskar vi opp med fellestaco, kveldskos og aktivitetar for å verte skikkeleg godt kjent.

Laurdag: Etter frukost tek vi ein skitur ikring hytta med søkestenger og rekognoserer rundt etter gode skavlar for snøholegraving. Før vi tek spadene fatt har vi ein liten teorigjennomgang så alle skal ha eit godt grunnlag for å lage tidenes kulaste snøholer. Dagen går til graving og kanskje litt snøbading og ei lita hoppkonkurranse for dei som vil, før vi lagar fellesmiddag og gjer oss klare for natta ute. Snøholene vert sjølvsagt premiert etter kvalitet, estetikk og kreativitet, her er det berre å slå seg laus! Legg ein innsats i forarbeidet kan natta bli rektig så komfortabel.

Sundag: Vi samlast til felles frukost og vaskar oss ut or hytta, så spenner vi ein siste gong skia på beina og går attende til vegen kor bussen hentar oss og køyrer oss attende til bystasjonen.

Utstyr: Følg pakkeliste for vinterfjellet, den finn du her.

Manglar du utstyr? BUA og Skattekammeret har mykje utstyr til utleige, heilt gratis. Sjå kva utstyr du kan leige her.

Mat: Turleiarane tek med fellesmat til middag fredag og laurdag, den enkelte tek med frukost, niste og snacks.

Vilkår: Ved påmelding gjelder generelle vilkår.

Pris: 500,- for medlem, 850,- for ikkje-medlem. Ønskjer du å bli medlem, få rabatterte prisar på turar, kurs og hyttovernatting? Bli medlem her!
Prisen inkluderar overnatting, felles middag fredag og laurdag, turleiing og innleigd tranport på etappen: Dale-Småbrekke t/r.

Spørsmål?
Ta kontakt på e-post: rune.mo-bjorkelund@dnt.no eller tlf. 55 30 48 52

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Tilde Hoel Torkildsen
  • Selma Carmina Blanco Landeråen