Avlyst Panorama Jotunheimen Turtagrø-overnatting på Fannaråkhytta -Skogadalsbøen-Hjelle

Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Drøymer du om ein tur blant høge fjell og vakre toppar. På denne turen får du vera med til topps på Fannaråki der vi overnatter på, Fannaråkhytta, som er DNT sin hytte med høyest beliggenhet over havnivå. Om veret er fint vil denne turen by på det beste av Hurrungane og Jotunheimen. 

Oppmøte og avreise: Oppmøte kl 15 ved Amalie Skram Videregående ( se rød markør i kartet). Turleder koordinerer samkjøring i private biler fra Bergen til Hjelle i Øvre Årdal. Innleid buss fra Hjelle til Turtagrø kl. 19.30. 

Torsdag: Samkjøring i private biler til Hjelle i Øvre Årdal og vidare med innleid buss til Turtagrø over Tindefjellsvegen. Ankomst Turtagrø Hotel. Felles middag og overnatting. 

Fredag:
Turrute: Turtagrø (884 moh) - Fanaråken (2068 moh).
Antall km 7,9. 
Antall timer: 5
Høydemeter: fra 876 moh. til 2042 moh.

Etter ein solid frukost startar vi turen gjennom Helgedalen til Helgedalsstølen. Det er god stigning med 1184 høgdemeter til Fanaråkhytta men det er god sti/trappetrinn. Er vi heldige kan vi oppleva flott utstyn til Breheimen, Galdhøpiggen og Hurrungane. Vi får servert 3-retters middag og før vi går til sengs for å sove på Norges tak håper vi på å kunne nyte solnedgangen. 
Les mer om turen og se kart og høydeprofil her: https://ut.no/tur/116890/kart#13.23/61.50878/7.85474 

Lørdag: Fanaråken (2068 moh) - Skogadalsbøen (830 moh)

Vi får frokost servt og smører oss en solid matpakke. Ned frå toppen følgerr vi ryggen mot Fannaråknosi og bratt nedstigning til Fannaråkfossen og så videre ned gjennom Keisarpasset. Her opnar utstynet til Gjertvassbreen, Styggedalstindane og Gjertvasstinden seg. Siste stykket går mot Skogadalsbøen med Uranostinden og Falketind i bakgrunnen. Her kjem ein ned i frodig fjellbjørkeskog med rikt plante-og fugleliv. På Skogadalsbøen tek det hyggelege vertskapet i mot oss og vi inntek vi eit godt og velfortent måltid før vi kryp til køys.
Antall km 10,9. Beregnet tidsbruk ca 6 timer. fra 2004 moh. til 834 moh. Les turbeskrivelsen og se kart her.

Søndag:
Turrute: Skogadalsbøen (830 moh.) - Vetti/Vettisfossen - Hjelle 94 moh.

Søndag står ville og vakre Utladalen for tur. Turen frå Skogadalsbøen til Hjelle er kanskje ein av dei flottaste turane i Jotunheimen. Turen startar oppover mot fjellet Friken med utsikt til noko av det villaste og mest alpine fjelllandskapet i Noreg, Hurrungane. Nede på den andre sida av Utladalen ligg Vormeli der det var fast busetnad frå 1788 til 1868. Frå det høgste punktet på turen har ein stor utsikt til Vettismorki og nedover Utladalen. På god sti går det bratt ned mot Fleskedalen, fjellstølane til gardane nede i Vetti. Vidare går turen forbi den 275 m høge Vettisfossen, Nord-Europas høgste frittfallande foss. Avslutninga går gjennom den tronge djupe Utladalen til Vetti gard og derifrå på veg ned til Hjelle.

Gangtid: 7 timar. Lengd: 18 km. 

Overnatting: Turtagrø Hotel i Sveitservillaen (4-6 sengsrom) og Skogadalsbøen (sovesal)

Heimreise: Samkjøring i private biler frå Hjelle, der vi har parkert bilene. 

Vilkår: Se generelle vilkår

Mat:  Ta med matpakke og drikke til den lange reisa fredag. På Turtagrø er 3-retters middag og frukost inkludert, niste kjem i tillegg og betalast av kvar enkelt. På Skogadalsbøen er 3-rettersmiddag, frukost og niste med påfyll termos inkludert. 

Utstyr: Se Turlagets utstyrsliste for sommerfjellet. Ta med lakenpose.

Pris: Medlemmer kr 5800 ,-, ikkje-medlem kr 6545,-. Meld deg inn her om du ikkje er medlem. Prisen inkluderar, DNT-godkjent turleiar, sikkerheitsutstyr, bussreise Årdal - Turtagrø (Tindevegen), overnatting i 4-6 sengs rom Turtagrø, 3-rettsermiddag, frokost og nistepakke, overnatting på Fannaråkhytta inkl 3-retters middag/frokost/niste og termos, overnatting i sovesal Skogadalsbøen, 3-rettersmiddag, frukost og niste og termos på Skogadalsbøen. Reise tur - retur Bergen-Årdal kjem i tillegg. Passasjerer betaler kr 530 til sjåføren for transport tur-retur Bergen. 

Kart: Turkart: Jotunheimen vest 1: 50 000 og "Årdal" 1:50 000. Kart og anna turutstyr kan kjøpast i Tusenteret i Marken. Rabattert pris for medlemmer. 

Panorama Jotunheimen Turtagrø-overnatting på Fannaråkhytta -Skogadalsbøen-Hjelle

Drøymer du om ein tur blant høge fjell og vakre toppar. På denne turen får du vera med til topps på Fannaråki der vi overnatter på, Fannaråkhytta, som er DNT sin ...

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • Arild Flokenes
  • Hoa Hua