Rundtur på Golta med onsdagsgruppa

Fellestur

Dato
26. januar kl. 10:30 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag

Vi møtest som vanleg på parkeringsplassen ved Fjell kyrkje. Her samlar vi oss i eit mindre tal bilar og kjører til ein parkeringsplass vi har brukt fleire gongar før, på grensa mellom øvre og nedre Golta. Her startar turstien ut mot Lutatangen. På svaberga der ute finn vi ein høveleg plass for nistepause. På vegen tilbake kan vi ta ei litt anna rute slik at det blir ein rundtur.

 Dette er ein tur utan så mange høgdemeter, men litt opp og ned er det, og i slutten av januar kan det gjerne vere litt sleipt og glatt somme plassar, så godt fottøy er viktig.

Biletet av eit kart med ein pil der turen startar, er dessverre ute av funksjon, men vi skal finne fram likevel. Velkomen på tur!

Smittevern, les her:

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag, les her:

Vil du bli medlem? les her:

Turleiarar på denne turen  er Runa Kjelstrup og Tormund Wågø (tlf 95461175)

Kontaktinformasjon:

  • Tormund Wågø
  • Tlf. 95461175

Turledere:

  • Runa Schreuder Kjelstrup
  • Tormund Wågø