Etter fjorårets suksess med spikkekurs prøver vi nytt kurs med ny vri.
I år får vi ein liten smakebit på karveskurd. Ståle Eik og Sigmund Fredheim vil visa oss ulike teknikkar med utskjeringar. Her kan du prøva å laga bilete av ulike motiv som delfin, ørn, fisk etc. Eller kanskje du vil laga ditt eige namneskilt?
Det er òg mulig å få spikka seg ein smørekniv eller få laga deg ein propellbåt du kan testa i bekken like ved Rødtunet. Ein kan òg få vera med å laga seljefløyta.
Vi håpar på opphaldsvèrdenne dagen. Dersom nedbør, legg vi aktivitetane innomhus i den gamle røykstova og smia. Hugs å kle deg godt då det ikkje er noko varme i dei gamle husa.
Det vert sal av lappar, saft og kaffi.
Ta med eigen spikkekniv!
Parkering P-plass til Bøkkeren og nedanfor hovudveg
Rødtunet ( vi vil ha ein del aktivitetar langs bekken og vil helst ha bilfri sone ved
Rødtunet)
Denne turen passar for born i alder 6 - 12 år.
Oppmøtestad: Rødtunet, Uskedalen
Oppmøtetid: Kl. 11:00, retur ca kl. 14:00
Pris; kr 50,- pr person. Medlemmar i DNT går gratis ( for ny- registrering av DNT medlem: https://www.dnt.no/medlem/blimedlem/ ) eller vi kan registrera deg som medlem på arrangementet.